Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Aktivitetar og kultur

Aktivitetar og kultur

Kva skjer på HVS?

Kulturtilbod inn i den vidaregåande skulen
I løpet av eit skuleår vil elevane våre få tilbod om ulike kulturarrangement, både i og utanfor skuletida. Desse arrangementa er det i hovudsak Kultursekken som står for.

Kultursekken er Møre og Romsdal fylke sitt svar på "Den kulturelle skolesekken" - eit nasjonalt tiltak for å satse på kultur i barnehage, grunnskule og den vidaregåande skulen. Kultursekken er eit samleomgrep for satsinga på kulturformidling inn mot barnehage, grunnskole og den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal. Og det kan vi seie, det er mykje spenstig og flotte kulturinnslag vi har fått frå den kanten!

Les meir: Kultursekken.no

Kulturtilbod i Brattvåg
Det er mykje som skjer i Brattvåg; - kino, konsertar og andre arrangement.
Sjekk ut http://idhuset.no/ og finn ut kva som skjer der i den næraste framtida. Kanskje er der noko for deg og dine venar!?
For andre kulturelle hendingar i kommuna, følg med i lokalavisa Nordre eller i Sunnmørsposten. 

Aktivitetsplan for skuleåret 2015/2016
Denne planen viser i grove trekk kva som skjer på skulen gjennom skuleåret, utover vanleg timeplan. Endringer vil nok skje, da kvardagen på ein skule må gi rom for ein viss fleksibilitet. Av praktiske grunnar ligg den i eigen fane på framsida vår. 

Planen vil bli oppdatert fortløpande, så følg med på framsida!