Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Aktivitetar og kultur > Fritidstilbod

Fritidstilbod

FRITIDSTILBOD

Som elev ved Haram vidaregåande skule kan du ta del i eit breitt fritidstilbod.

Fysisk aktiv fritid

I Brattvåg og den nærmaste omgjevnaden, vil du finne fleire tilbod innanfor ulike typer idrett. Fleire lokale idrettslag er aktive, både på fastlandet og på øyane, og dei vil heilt sikkert ha med fleire, så kontakt desse om du er interessert. Klatrevegg og klatreklubb finst og, så kanskje kan du utfordre deg sjølv der?

Brattvåg IL har sine fasilitetar i nærleiken til skulen, og blir ofte nytta i gymtimane til skulen.

I tillegg kan naturen kring oss by på flotte turområde du berre MÅ nytte deg av. Her kan du kose deg, uansett kva for fysisk form du meiner du er i - berre prøv!
Bilde over gir deg eit inntrykk av kva omgjevnader skulen har. (Foto: Solveig Bostad, lærar ved HVS)

Treng du litt råd eller hjelp for å finne ut korleis du skal få kontakt med det du ønskjer, kan du gjerne spørre gymlæraren din eller rådgjevar ved skulen. Då vil det nok bli ei råd med det meste.

Kultur og servicetilbod

Haram er kjend for å ha eit aktivt song- og musikkliv, så er noko innan musikk og song det som passar best for deg, vil du truleg finne eit tilbod her. Er du usikker på kva som finst, ta kontakt med bibliotekaren vår. Ho vil kunne fortelle meir om musikklivet i Haram.

Du vil elles finne dei fleste andre servicetilboda i gangavstand frå skulen. I Brattvåg sentrum finn du kommunehuset, med alle kommunale teneste samla. Nede i Strandgata, i kjøpesenteret, ligg bibliotek, og her er Brattvåg sitt butikksenter og tilstøytande butikkar.

Ingebrigt Davikhuset er kulturhuset i Brattvåg, og tilbyr kulturelle tilbod som kino, kafe, konsertar, teaterforestillingar, etc. Kinoinngangen er nede i Strandgata, men det er og inngang inn ved sidan av Prix oppe i Storgata (hovudgata).

Linkar:

Haram kommune

Ingebrigt Davik-huset