Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Aktivitetar og kultur > Kulturkantina

Kulturkantina

KULTURKANTINA ved Haram VGS

Kantina vår, no kalla "Kulturkantina", er skulen sitt sosiale senter.

Den er open i skuletida, og her får du føde for både kropp og sjel. Det skal vere rom for avkopling, sosialt samvær med god og sunn mat og drikke - eller litt fagleg arbeid, om du har behov for det.

Kvar er ho?
Kantina ligg eigentleg i underetasjen på skulen, men no i ombyggingsperioden finn du ho på klubbhuset til Brattvåg IL, rett over vegen ved parkeringsplassen vår.

Kulturkantina er open frå ca kl 0830 til ca kl 1400 på ordinære skuledagar. På dagar med heildagsprøver opnar kantina kl 0800. I kantina finn du god mat og eit godt sosialt fellesskap. Lurer du på kva som vert servert i dag, sjekker du opp menyen på info-skjermane i korridorane eller via Facebook - lik sida deira og du får menyen rett på mobilen/PC'n (",)

Det er elevane som påverkar menyen!
Varm mat blir servert kvar dag etter ukemenyen. det er god heimelaga kost, tilpassa elevane sin smak. Både pizzadagar og dagar med annan varmmat er å finne kvar veke, og dette fell godt i smak.

Det går og unna når kantina overraskar med noko ekstra i disken. Tine-produkta er nesten like populære, og micro’n kan gjøre mykje med ei elles standard nistepakke. Her er det med andre ord plass til alle - og alle sine matbehov.

Festleg stemning i kantina
Kantina vert brukt til mykje. Ho er ein viktig samlingstad i skulekvardagen, men er og viktig under samankomster som yrkesmessa, open skule og til avslutningsfestane våre både før jul og før sommarferien.

Elevane våre er glade i kantina, og leiinga ved Haram VGS og ISS ønskjer å gjere ho til eit naturleg samlingspunkt for alle.

Velkomen ned til Kulturkantina.