Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Eksamen

Eksamen

Eksamen

Her finn du viktig informasjon om eksamen, anten du er ein av skulen sine elevar eller tenkjer å ta eksamen som privatist. Alle eksaminander skal ha gjort seg kjent med eksamensreglementet.

 
ELEV

Ordinær eksamen følgjer fag du har inneverande år og blir avgjort av eksamenstrekket ved din skule. Her er det klare regler og retningsliner som alle må følgje i norsk vidaregåande skule. Detaljar om eksamen innan kvart enkelt fag, får du av din faglærar.

Nyttige linkar:

1) Eksamensdatoar finn du her 

2) Fylket sin informasjonside om eksamen
    (Dette er ei oppsamlingsside for informasjon.
     Sjå vala ute i venstremargen og klikk deg inn på ønska tema) 

Dersom du treng meir informasjon om eleveksamen, ta kontakt med eksamensansvarlege på skulen. Kontaktinformasjon til Haram vgs sine eksamensansvarlege, finn du øvst til høgre.

  

PRIVATIST

Du kan melde deg opp som privatist og ta eksamen i ulike fag, men det føreset at du ikkje i same tidsrom er elev i faget. Dette gjeld for alle, også vaksne med vaksenrett.

All oppmelding skal skje på www.privatistweb.no og eksamensdatoar finn du her. 

Oppmeldingsperioder og endeleg frist for oppmelding
Haust-eksamen: Ope for oppmelding frå 15. august til 15. september, kl. 23.59
Vår-eksamen   : Ope for oppmelding frå 1. januar til 1. februar, kl. 23.59

NB!
Om du ikkje har meldt deg opp og betalt innan fristen, må du vente til neste eksamensperiode.

Kontaktpersonar

Jan Magne Helland
Rektor
71 28 17 01 / Mob. 902 66 521
Send e-post
Åslaug Ørjasæter Ødegård
Konsulent
71 28 17 07 / Mob. 976 20 670
Send e-post