Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Eksamen > Hjelpemiddel til eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Det er klare reglar for bruk av hjelpemiddel til eksamen.

Frå våren 2018 kom nye, gjeldande og obligatoriske nasjonale føringar for hjelpemiddelbruk til sentralt gitt eksamen i vidaregåande opplæring.

Føringane gjeld for alle vidaregåande skular. Alle offentlege skular skal tilby dei nettbaserte hjelpemidla som står på fylkeskommunane si felles oversikt.

MERK!
Desse føringane gjeld berre nettbaserte hjelpemiddel. Som tidlegare kan kandidatane og bruke hjelpemiddel som er på papir eller som er tilgjengeleg offline.

Førebuingsdagen
På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatt, inkludert kjelder på internett.  

Syt og for at du har gjort alt klart FØR eksamensdagen!
Inkludert laste ned preSens ...

Nettbaserte hjelpemiddel- avgrensa tilgang til ein eksamen
I dei fleste faga er det lov å bruke hjelpemiddel som krevjer tilgang til internett, men i eit avgrensa utval. Utvalet gjer ein på førehand medan ein førebur seg, og det skal vere tydeleg merka kjelder (med utskriftdato) som det er relevante å bruke for å svare på eksamensoppgåven.

Sjekk ut: Nasjonale føringar for nettbaserte hjelpemiddel - vidaregåande 

På eksamensdagen
Det er ulike reglar frå fag til fag for kva for hjelpemiddel elevane har lov til å bruke på sjølve eksamensdagen.

Det er ikkje tillatt å samskrive, chatte eller å kommunisere med andre under eksamen. Dette gjeld eksamen i alle fag.

Kva for ulike hjelpemiddel det er lov å bruke under ein eksamen avhenger av faget.

Les meir på om alle detaljar for dette via desse linkane:
 1) udir.no/eksamen- og prover/... 
 2) Møre og Romsdal fylkeskommune - Nettressursar til eksamen 
 3) VIGOportalen informerer

 

Lukke til med førebuing til eksamen!