Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Eksamen > Klage på eksamen

Klage på eksamen

Klage på eksamen

Kven kan klage, og når må dette vere gjort?

  • Ein elev som er misnøgd med karakteren, kan klage i tråd med desse kriteria:

    • Eleven må klage innan ti dagar etter at karakteren er gjort tilgjengeleg
    • Eleven bør rådføre seg med ein lærar før han eller ho klager
    • Eleven må levere klagen skriftleg
    • Eleven treng ikkje å grunngje klagen
    • Eleven må skrive under på klagen

    Resultatet av klagen kan vere at eleven får same karakter eller at eleven får ein betre eller dårlegare karakter. Ved endring av karakter, får du melding om å levere inn tidlegare utskive Vitnemål/Kompetansebevis. Du vil få tilsendt ny dokumentasjon.

  • Privatistar som er misnøgd med karakteren, kan og klage i tråd med kriteria lista opp over.
    Merk at privatistar skal sende klagen til eksamenskontoret/privatistkontoret i fylket, eventuelt til skulen der privatisten tok eksamen. 

Kontaktpersonar

Åslaug Ørjasæter Ødegård
Konsulent
71 28 17 07 / Mob. 976 20 670
Send e-post