Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Eksamen > Ny- / Utsett- / Særskilt eksamen

Ny- / Utsett- / Særskilt eksamen

Ny- / Utsett- / Særskilt eksamen

Er du elev og har rett til ny-, utsett- eller særskilt eksamen, skal du melde deg til den skulen du var elev ved då du hadde faget.

Kven har rett til ny - , utsett - og særskilt eksamen?

- Elevar som får karakteren 1 (ein) til eksamen har rett til ny eksamen.
   (§ 3-34 i forskrift til opplæringslova)
- Elevar som får karakteren 1 (ein) i standpunktkarakter har rett til særskilt eksamen,
   dersom eleven ikkje er trekt ut til eksamen i faget (§3-33 i forskrift til opplæringslova)
- Elevar som har dokumentert gyldig fråvær ved ordinær eksamen,
   har rett til utsett prøve (§ 3-35 i forskrift til opplæringslova)

Ver merksam på;
- dersom eleven ikkje går opp til første moglege eksamen, misser eleven retten til ny/utsett/særskilt eksamen og må melde seg opp som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.
- dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekking av fag gjerast på nytt. Det vil seie at dersom eleven vart trekt ut i til dømes fysikk, så kan det vere at eleven blir trekt ut i matematikk på den utsette eksamenen.

Påmeldingsfrist: 15. september

Kontaktpersonar

Åslaug Ørjasæter Ødegård
Konsulent
71 28 17 07 / Mob. 976 20 670
Send e-post