Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Elevtenester

Elevtenester

Elevtenester

Du som elev vil alltid stå i sentrum for oss. Utan elevar - ingen skule.

or at du skal få høve til å gjere ditt beste i skulekvardagen, er det mange som vil kunne vere til støtte og hjelp om du treng det. Desse hjelparane finn du her under elevtenester. Som elev ved Haram vidaregåande skule vil du verte respektert for den du er. Alle tilsette ved Haram vidaregåande skule arbeider for at du som elev skal nå måla dine.

Vi ønskjer at du, saman med nærværande og tilgjengelege lærarar og medelevar, er aktivt med i planlegging og gjennomføring av opplæringa di.

Er det noko du lurer på, slit med eller ønskjer råd ellerstøtte til, da kontaktar du kontaktlæraren din eller nokon i elevtenesten. I menyen over finn du informasjon om dei spesifikke elevtenestene ved Haram vidaregåande skule. 

 

Trivsel og retten til å ha det bra

Haram vidaregåande skule arbeider for at du som elev skal trivast på skulen. For med det trur vi at du lettare kan klare å nå måla dine og oppleve fagleg, sosial og personleg utvikling.

Vi ønskjer å at følgjande skal gjenspegle seg i skulemiljøet vårt;

- kunnskap og kvalitet - respekt - samarbeid - tryggleik og trivsel -
nærleik - mangfald og moglegheiter - positiv haldning og lojalitet

 

Vi vil stimulere til toleranse, men har nulltoleranse i høve mobbing
Skulen har gjennom årene fått tilbakemelding om at her er eit godt elev- og læringsmiljø, og det er vi glade for.

Slik ønskjer vi at kvar og ein av dykk skal oppleve det.
Men vi veit og at det kan oppstå unnatak - og det ønskjer vi ikkje. Difor er det viktig at alle som er tilknytt skulen, anten som elev, som tilsett, som føresett eller venn av nokon i vårt skulesamfunn, er vakne og følgjer opp om dei ser/opplever at nokon ikkje har det bra.

Null Mobbing_large

Meld frå til kontaktlærar, eller rektor, og skulen vil gjere sitt ytterste for å hjelpe/avhjelpe i kvar sak.

Ver ein god venn, og til dei du ikkje kjenner så godt.
Da blir skulen ein god stad å vere for alle.

Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettigheiter, finn du på denne nettsida, les meir her.  

 

Rus og skulegong er ein vanskeleg, og uønska, kombinasjon

For å kunne ha eit positivt og inkluderande miljø, treng ein og tiltak for å ta vare på elevane våre, også om dei skulle slite med rus.

PlanForRusarbeid_MR

 

Alle skular skal vere rusfrie soner, jf. regelverk og retningsliner for all vidaregåande opplæring.

Det er utarbeidd ei  felles handlingsplan for rusarbeid for dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal.

Hovedmål er at skulane skal vite kva dei må gjere når dei er bekymra for om ein elev har eit rusproblem og at dei får til eit tettare og betre samarbeid med hjelpetilboda i kommunen og i spesialisthelsetenesta.

Denne handlingsplana og meir informasjon om arbeidet som blir gjort i fylkeskommunen vår, finn du her.

 

Sosiale arenaer på skulen

Skulen har biblioteksone ved inngangspartiet, der det er høve til avslapping og litt sosialt samvære mellom arbeidsøktene. I tillegg til skulen si boksamling, finn du sofagrupper, grupperom og arbeidssoner for gruppe-/individuelt arbeid. Elevrådet sitt kontor ligg også i kontakt med biblioteket. Greit å vite om.

Hyggeleg kantine har vi også!
Der tilbyr dei både ei hyggeleg atmosfære og eit rikhaldig utval av god lunsjmat. Kulturkantina vår finn du i kjellaretasjen.

På alle desse plassane kan du som elev finne ro og avkopling, anten du treng litt tid for deg sjølv eller vil ha samtalar og sosialt samvære mellom undervisningstimane dine. Sjølvsagt er du velkomen for å gjere lekser også. Det er klart!

 

Kulturkantina - vår kantine

 

Kulturkantina HVS

Kulturkantina HVS

 

 

Hei!

HVS har ei hyggeleg kantine, det veit alle. Opningstid mellom kl.08:30 og 14:00.

Ta deg ein rusletur og få deg ein go'bit, kjøpt eller medbrakt - det er viktig for at du skal klare å halde fokus gjennom heile skuledagen! 

Velkomen innom!

Nyt dagen - fyll på med både kunnskap, vennskap og næring.

 

Ha eit riktig godt skuleår!