Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Elevtenester > Elevrådet

Elevrådet

Elevrådet - din organisasjon

Gjennom elevane sin eigen organisasjon, elevrådet, kan du formidle ditt syn på aktuelle saker.

Elevrådet vil i den grad det er mogeleg, legge tilhøva best mogeleg til rette for elevane. Dersom du synest dette er eit godt føremål, kan du la deg velje til tillitselev i klassa di og på den måten kome inn i elevrådet. Eller du kan prøve å bli ein av skulen sine representantar i ein elevorganisasjon. Det er elevane som bestemmer kva for organisasjon dei vil melde seg inn i.

Som namnet seier, er elevrådet elevane sitt eige råd. Etter lova skal alle vidaregåande skular ha eit elevråd. Det skal m.a. arbeide med arbeidstilhøve, trivsel og velferdstiltak blant elevane. Elevrådet er rådgjevande organ for skuleutval og rektor. Det kan drøfte saker frå andre organ ved skulen eller det kan ta opp saker på eige initiativ. Viktige saker kan leggjast fram for elevane i allmøte eller til uravrøysting.

Elevråd
   

Samansetting
Elevrådet er samansett av klassane/basisgruppene sine tillitselevar. 5 av desse utgjer elevrådsstyret.
Etter at klassane har valt tillitselev i starten av skuleåret, kallar elevrådsleiar frå førre skuleår (ev. skulen sin administrasjon) inn til konstituerande møte.

Kontaktpersonar

Magnhild Kristin Fjørtoft
Fagleder
71 28 17 04 / Mob. 958 36 419
Send e-post