Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Elevtenester > Lånekassa

Lånekassa

Lånekassa - eit tilbod til alle

All informasjon om lån og stipend finn du på heimesida til Lånekassen. Dette er ei enkel og grei ordning for deg som elev/lærling for å søkje lån og/eller stipend på nett.

På nettsida ligg og alle elektroniske skjema osb, som du måtte trenge. Det du må passe på sjølv, er å søkje innan oppgitte fristar, leggje inn rett informasjon om deg sjølv og følgje opp jf. regelverket til Lånekassen.

Du må og passe på å halde styr på din eigen MinID, eventuelt BankID, for å kunne logge deg på og nå tak i informasjonen som gjeld akkurat deg og ditt kundeforhold. Du kan søke om stipend og lån for eit undervisningsår så fort du har fått ein skuleplass, men ikkje før.

Lærlingar må ha godkjent lærekontrakt før dei kan søkje.

www.lanekassen.no  

 

Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener, men - hugs at du må søkje for å få stipendet!

Du må og først takke ja til skoleplass FØR du kan søkje om stipend og/eller lån.

Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.

Lånekassa

 

Om signering av avtale om støtte for elevar under 18 år

Frå undervisningsåret 2016–2017 kan foreldre til elevar under 18 år få vedtaket om støtte elektronisk og signere digitalt på vegne av barnet digitalt. Elevane skal ikkje lenger signere for stipend, men må framleis signere avtalen dersom dei får lån.

For meir informasjon om lån og stipend frå Lånekassen for elevar i vidaregåande opplæring, sjekk her

Kontaktpersonar

Ivar Perry Roald
Rådgjevar/Lektor med tilleggsutdanning
71 28 17 08
Send e-post