Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

OT

OT - Oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta er eit tilbod til ungdom, 16 - 21 år, som ikkje er i vidaregåande opplæring eller  arbeid.  OT-rådgjevar vil gje informasjon om utdanninngsmoglegheiter og samarbeide med ungdommen for å få til eit tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak over tid.

Tenesta gjeld til og med det året ungdommen fyller 21 år. OT samarbeidar nært med vidaregåande skular, andre opplæringsinstitusjonar og opplæringskontor, helse-og sosialtenesta i kommunen, inkl. PPT og NAV.

OT_bannerbileteMR

Formål
Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at all ungdom som tilhører målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse. Tilbod som blir formidla gjennom oppfølgingstenesta, skal primært ta sikte på å føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring.

Ungdom i målgruppa som i skuleåret ikkje er i utdanning eller arbeid, og som ikkje tek imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta, skal bli kontakta av OT kvart skoleår for samtale og tilbod om vidare samarbeid, så lenge dei er omfatta av den lovfesta retten til vidaregåande opplæring.

Målgruppe
Målgruppa for oppfølgingstenesta er ungdom som er omfatta av den lovefesta retten til vidaregåande opplæring, og som det aktuelle skoleåret
* ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass eller
* avbryt slik opplæring, eller
* ikkje er i arbeid, eller
* har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising med heimel i opplæringslova § 3-8 eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt eller lærekontrakt i samsvar med opplæringslova § 4-6.

Er du i målgruppa og bur i Haram eller Sandøy, vil OT i Haram og Sandøy kontakte deg.

 

OT for Haram og Sandøy
OT i Haram og Sandøy er frå 01.08.16 Eva Marie Brunvoll. Ho har base ved Haram vidaregåande skule, Brattvåg, og har kontordag/treffetid onsdag, kl.08:00 - 15:30.
Kontoret hennar finn du i 2.høgda i hovudbygget.

Meir informasjon
Sjå heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune: OT-Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Eva Marie Brunvoll
OT-rådgivar
71 28 17 09 / Mob. 918 33 583
Send e-post