Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

PPT

PPT - pedagogisk psykologisk teneste

Den pedagogisk psykologiske tenesta (PPT) er ei lovpålagt teneste som gir tilbod om pedagogisk–psykologisk rådgiving til alle elevar, lærlingar og lærekandidatar som er i vidaregåande opplæring. 

PPT skal også hjelpe skolane og lærebedriftene i arbeidet med tilrettelagt opplæring og spesialundervisning.

Kven kan be om hjelp frå PPT?
Elevar, lærlingar og lærekandidatar (eventuelt saman med føresette) kan be om hjelp til vurdering av fagvanskar eller andre vanskar som gjer læringsarbeidet krevjande og vanskeleg. PPT kan gje råd om tiltak som kan fremje læringa til den einskilde. PPT er sakkunnig instans dersom det er aktuelt å søkje om spesialundervisning.Skolane kan be PPT om hjelp i arbeidet med skolen sin  kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje forholda til rette for god læring i skolen. 

Korleis få kontakt med PPT?
PPT har to kontaktpersonar med fast kontortid ved Haram vidaregåande skule, lagt til mån- og onsdag ettermiddag. Kontaktlærarar/rådgjevarar kan syte for å opprette kontakt med PPT for deg. Dersom det blir aktuelt med tilvising til PPT skal dette skje på eige skjema.

Elevar, lærlingar/lærekandidatar kan og ta direkte kontakt med Haram PPT på eiga hand.

For kontakt med Haram PPT direkte;
- Haram kommune, servicetorget, på tlf. 70207500.
Spør etter PPT ved Knut Ståle Tenfjord. Han har ansvar for alle elevar tilmeldt PPT frå Haram vidaregåande skule.

 

For lærarar:
Ved tilmelding til PPT skal 2 skjema fyllast ut:
- Tilmeldingsskjema   (utfyllast av kontaktlærar, i samarbeid med avdelingsleiar/rektor)
- Pedagogisk rapport  (utfyllast av kontaktlærar og aktuell faglærar/faglærargruppe)

Skjema er tilgjengeleg på intranettet, sjekk her

Syt for at begge skjema vert signert av rette personar, inkl. elev og ev. føresette.
Send desse to utfylte skjemaene (og ev. vedlegg) samla til PPT, då dette er viktig for det vidare arbeidet deira.

Kontaktpersonar

Hilde Kristin Aasgaarden
Fagleder
71 28 17 03 / Mob. 906 86 542
Send e-post