Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Elevtenester > Rådgjevar

Rådgjevar

RÅDGJEVARTENESTA

Ivar Roald - rådgjevar ved Haram VGS. 

Rådgjevaren

Ivar Roald

Alle er velkomne inn for råd og rettleiing.
Du finn rådgjevarkontoret i 2.høgda på HVS, rett opp for hovudinngangen.

Kontoret er ope kvar dag, men fordi rådgjevar har undervisning, er det økter der kontoret er stengt. Nærare orientering om når/kva timar rådgjevar er å treffe, blir gitt i byrjinga av skuleåret. Det vil og vere oppslag om dette inne på venterommet.

Lurer du på vegen vidare?
Rådgjevar skal vere elevane til hjelp i spørsmål om fag, lineval og studieretning.

Rådgjevar skal og gi informasjon om ulike utdanningsvegar innan høgare utdanning og bidra med yrkesrettleiing. Oppslag og brosjyrar om høgare utdanning vil du finne i korridoren ved rådgjevarkontoret og nede i trapperommet ned til kantina.

Gi rådgjevar melding om utdanningsvegar du er interessert i på førehand, slik at du får best mogleg rådgjeving.

Du kan og halde deg oppdatert via nettressursar, som td. vilbli.no, heimesida til Lånekassen og dei ulike utdanningsinstitusjonane. Hugs alltid å gjere deg sjølv oppdatert, både om søknadsprosedyrer og om ulikesøknadsskjema i god tid før eventuelle søknadsfristar går ut.

Nokon å snakke med?
Rådgjevar kan og gje råd og hjelp ved t.d. personlege forhold og problem. Om behov vil rådgjevar kunne hjelpe til med å skaffe spesialisthjelp, t.d. i samarbeid med PPT, helsesøster, eventuelt skulelege eller psykologteneste. 

Det er ikkje uvanleg å kjenne på eit behov for å snakke med nokon, nokon som kanskje ikkje er læraren din eller andre du omgår til dagleg. Sjølv om det ikkje treng å vere store problem eller konflikter, kan det vere godt å få lufte tankane sine. Då er det mogleg å stikke innom rådgjevarkontoret for ein prat. Ver ikkje redd for å "forstyrre" - det er derfor rådgjevar er her.

Teieplikt
Rådgjevar har teieplikt. Det er greit å vere trygg på det.

Får eg fråvær?
Det blir ikkje rekna som fagfråvær når ein elev oppsøkjer rådgjevar, men meld frå til faglærar når du går. Du kan og stikke innom rådgjevar og avtale tid, slik at du kan få ein samtale i ein av fritimane dine. Det er absolutt å tilrå, om det er mogleg.

Kontaktpersonar

Ivar Perry Roald
Rådgjevar/Lektor med tilleggsutdanning
71 28 17 08
Send e-post