Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Elevtenester > Skulebiblioteket

Skulebiblioteket

Skulebiblioteket

Skulebiblioteket er ein viktig del av skulen vår.
Biblioteket som lokale er ope for elevar som ønskjer å arbeide med skulearbeid gjennom skuledagen. 

Bibliotekarealet er tilgjengeleg for sjølvstudium utover vanleg undervisningstid. Dette gjeld kl.08:00 - 16:30, alle skuledagar.

Bruk bibliotekaren!
Skulebiblioteket vil kunne gi deg som elev mykje hjelp gjennom skuleåret - det håper vi du nyttar ut best mogleg. Bibliotekar Helene Austbø vil vere tilstades på skulebiblioteket til fastsette tider gjennom heile skuleveka. Dei betjente tidene finn du ved inngangsdøra til biblioteket.

Bibliotekaren vil vere hjelpsam dersom du treng hjelp til val av litteratur, lån eller anna. Diskuter gjerne moglege alternativ for litteraturval med bibliotekaren, anten det er for noko brukt inn mot skulearbeid eller for eigen lesegledes skuld.

Kontaktlæraren og/eller norsklæraren din vil og kunne hjelpe deg. Det er fullt mogleg å hjelpe seg sjølv og, men hugs då at du må registrere lånet ditt.

Bruk lånekortet ditt
Dette blir gitt ut til alle elevar i løpet av dei fyrste skulevekene, og kan nyttast på alle folkebibliotek. Alle lån registrer du elektronisk ved skranken, slik bibliotekaren lærte deg ved skulestart. Har du problem med dette, nyttar du ev. registreringskorta i boksen same stad.

Velkomen til aktiv bruk av skulebiblioteket!

 

Utlån av lærebøker for eit heilt skuleår
Ved skulestart får alle elevar ved Haram vidaregåande skule utdelt lærebøker ved skulebiblioteket, og elevane får ha desse bøkene gjennom heile skuleåret. Det er difor sterkt tilrådd å skrive namn på innsida av bokpermen, og alle elevar blir oppmoda til å passe godt på bøkene for å unngå byte med andre. Er du i tvil om ei bok er di, kan du når som helst ta kontakt med bibliotekaren for å finne ut kven boka/bøkene er registrerte på. 

For å låne bøker må elevane ha eit nasjonalt lånekort. Dersom elevane ikkje har eit slikt kort frå før, vil dei få det utlevert ved skulebiblioteket.

Ved slutten av skuleåret skal bøkene leverast inn att og tapte eller øydelagde bøker må erstattast. Den enkelte elev er sjølv ansvarleg for bøkene som er registrerte i eleven sitt namn.

Lanekort_th

Skaff deg lånekort - bruk det mykje -

Vi gjer spesielt merksam på at ved slutten av kvart skuleår skal utlånte skulebøker leverast inn att, klassevis og i høveleg god stand. ALLE tapte eller øydelagde bøker må erstattast av den enkelte elev - så pass på bøkene dine!

Den enkelte elev er sjølv ansvarleg for at skulebøkene som er registrerte i eleven sitt namn, kjem inn og blir registrert innlevertav bibliotekar innan fristen 20.juni.

NB!
Bøker som ikkje er registrert innlevert innan fristen, vil bli fakturert eleven. Dersom skulen mottar bøker etter dette, vil eleven likevel måtte betale fakturaen som er utsendt.

 

Mykje spennande å finne i bokhyllene!
Biblioteket får stadig inn nye bøker, men vi får diverre ikkje høve til å halde dette oppdatert her - stikk innom biblioteket i staden og sjekk der!

Nyinnkjøpte eller ikkje, på biblioteket trur vi nok du finn bøker du vil like. Romanar, skodespel, noveller og dikt er ordna alfabetisk etter namn på forfattar.

Fagbøker har vi og, så klart;
 -dei er oppstilte etter eit nummer-system (som i folkebiblioteket).
Kvart emne har sitt bestemte tal (psykologi 150, politikk 320 osb.). Tala står på bokryggen, og bøkene er oppstilte under dei ulike numra frå 001 til 999.
Bookstaple
   

Tidsskrift
- vil ein i hovudsak finne i tidsskriftsavdelinga på skulebiblioteket. Skulen abonnerer på svært mange tidsskrift, fleire enn dei du finn i vegghyllene. Kik deg omkring i bokhyllene eller spør bibliotekar eller faglærar dersom du leitar etter eit spesielt tidsskrift.
Aviser
Skulen abonnerer både på lokalaviser og nokre riksaviser. Etter ønskje frå elevrådet er lokalavisene tilgjengelege nede i kantina. Andre aviser finn du i vegghyllene i tidsskriftsavdelinga på biblioteket.
Klassesett
Skulen har fleire klassesett, retta mot ulike fag. Desse setta er plasserte på elevbiblioteket, men bøkene er ikkje til utlån. Det er berre faglærarane som har høve til å ta bøker frå klassesetta. Faglærarane må då registrere utlån av slike bøker på eige skjema.

Kos deg med ei bok, dei er betre enn du kan ane!

Kontaktpersonar

Helene Austbø
Lærer
71 28 17 14 / Mob. 908 84 813
Send e-post