Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Kalender for Haram VGS

Kalender for Haram VGS

‹‹ Januar 2019 ››
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31      

Tysdag 22:

Studieorientering 2019 for avgangselevar

22 jan 08:00 - 22 jan 14:30

Januar 2019:

3 jan

Første skuledag etter jul

3 jan

Velkomen tilbake etter juleferie!

9 jan

Fellesorientering i auditoriet

9 jan

I denne økta vert det gitt kort informasjon om høgskular og universitet, samt søknadsprosedyre og -fristar.

Obligatorisk oppmøte for alle avgangselevar.
(4TT får si eiga informasjonsøkt av rådgjevar på høveleg tidspunkt).

 

Rådgjevar

16 jan

«Spleiselaget» for inviterte faggrupper.

16 jan

 
Onsdag 16. januar, kl.1125-1255, stiller "Spleiselaget i auditoriet på HVS. 

"Spleiselaget" er eit undervisningsopplegg for elevar på vidaregåande skule. Ved bruk av førelesar, film og kommunikasjon med elevane, informerer dei om samanhengen mellom verdiskaping, inntekter og velferdsgoder.

Eit besøk av "Spleiselaget" vil gje informasjon om korleis velferdsstaten Noreg er bygd opp, korleis inntekter og utgifter heng saman, og gjere elevar godt rusta til å ta riktige val i arbeidslivet.

Les gjerne meir på heimesida deira her.

Faglærarane i dei aktuelle faggruppene vil invitere med seg elevane sine til auditoriet, men elevane må sjølve syte for å vere på plass til oppstart etter matfriminuttet.

Spleiselaget - sjekk at ting stemmer

- Sjekk at tingene stemmer, også for dine økonomiske opplysningar -  

 

Vel møtt til ein interessant time!

22 jan

Studieorientering 2019 for avgangselevar

22 jan

Dette er ein orienteringsdag om ulike utdanningsvegar vidare for avgangselevar i vidaregåande opplæring. Her blir det orientert om høgskular og universitet i Noreg.

Mykje god og nyttig informasjon, så bruk høve til å finne ut mest mogleg om den utdanningsretninga DU no går og vurderar.

Eigen plan for dagen ligg ved.
Møt opp i god tid til bussavgang.

 

Rådgjevar

31 jan

Open skule på HVS

31 jan

Open skule 2019_1

 

Dobbel skuledag i dag!

I dag vert det først vanleg skuledag, kl 08:05 - 14:30 etter timeplan,
deretter OPEN SKULE 2019 i tidsrommet kl.15:30-20:00.

Klassevise opplegg, med nokre unnatak
Nærare informasjon om opplegg og ulike oppdrag per klasse/elevgruppe, kjem via kontaktlærar.

 

Kveldsope skule

Skulen er open for alle som har lyst til å sjå kva som normalt skjer her på HVS ein skuledag. Alle verkstader og klasserom er opne for publikum frå kl.18:00 og ut kvelden.

Det vert og gjennomført informasjonsmøte, både for 10.klassingar m/føresette (kl.17:30, auditoriet) og for Vg1-foreldre (kl.18:30, auditoriet).

Velkomen til ein informativ dag på HVS!