Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Kalender for Haram VGS

Kalender for Haram VGS

‹‹ Januar 2020 ››
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31    

Onsdag 1:

Januar 2020:

2 jan

Planleggingsdagar for lærarar

2 jan - 3 jan

Det blir to planleggingsdagar for lærarane ved Haram vgs, gjennomført på skulen 2. - 3. januar 2020.

Program frå kl 08:00 - 15:30 begge dagar.

Velkomen tilbake!

6 jan

Skulestart etter juleferie

6 jan

Alle elevar og tilsette startar opp vårhalvåret etter nye timeplanar måndag 6.januar

Vel møtt til eit nytt halvår fullt av positive, utfordrande og interessante oppgåver.

8 jan

Rådgjevar informerer avgangselevane

8 jan

Det nærmar seg slutt på tiden i vidaregåande opplæring, kjære avgangselevar ...

Difor inviterer rådgjevar ivar Roald inn til informasjonsøkt med tanke på kva de må kjenne til for å søkje dykk inn på vidare studier. Dette vil ha fokus frå no og fram til søknadsfristen 15.april. Ver merksam på at nokre studier har ein tidlegare søknadsfrist, så orienter deg godt i høve dine framtidsplanar. Alle søknader skal leggjast inn via "samordna opptak", om ikkje anna er opplyst frå den aktuelle studiestaden.

Møt opp i auditoriet kl 11:25, ver lydhør, og start planlegginga av di vidare utdanning.

Lukke til no ('',)

8 jan

Arbeidstid og fagrom - endring på gong

8 jan

Nytt år krev ofte litt justering - slik er det også med fagromfordelinga i arbeidstida.

 

Vi har gjort ei forflytting av fagrom innad i realfagsseksjonen.
Desse finn du under her;

248 - Matematikk S1 og S2 og EB (StrTo)
249 - Matematikk 1T og R1 / R2   (TrøTh)

161 - Matematikk 1P, 2P,  2P-Y     (MegAn)
162 - Kjemi / Biologi /Naturfag    (SkiHa/SteBj)
165 - FY1 / FY2 / R2 / R1            (PetTe)

Bibliotek/lesesal - Prøvesone!
Elevarbeid her er berre etter avtale mellom ein faglærar og bibliotekar

 

Førebels ligg andre fagrom som før.

Endeleg plan blir offentleggjort måndag 13.01, altså i neste veke, i basistimen.

 

Då gjenstår det berre å seie;

- bruk arbeidstida di godt - oppsøk fagrom for fag du treng å jobbe i ...

- bruk lærarane på fagrommet godt - dei vil gjerne hjelpe deg!

- Lukke til i 2.termin!

9 jan

Tannhelsetenesta besøker HO-klassane

9 jan

Tannhelsetenesta v/ Trine S. Rønning besøker HO-klassane våre torsdag 9. januar.

Kvar klasse, sitt opplegg – informativt og praksisretta
3.-4. time : 1HO, rom 184
5.-6. time : BUA, rom 234

Godt samarbeid mellom skule og tannhelsetenesta i Møre og Romsdal fylkeskommune!

13 jan

Kultursekken presenterer: Ine Hoem

13 jan

Ine Hoem er ei av Noreg sine mest solide vokalistar, melder Kultursekken. Hennar særeigne, sofistikerte sound hentar element frå både moderne elektronisk popmusikk og jazzuniverset. 

Under konserten som vert presentert for oss, vil Ine Hoem vil spille songar frå sine to plater Angerville og Moonbird

Les gjerne meir her

 

Gled deg!

22 jan

Søkje vgs? Informasjon til Vg1-elevar

22 jan

Rådgjevar informerer om korleis gå fram ved innsøking til vgs neste skuleår.

Viktig å få med seg, då det 1) er gjort nokre endringar i innsøkingsplattforma og 2) alle elevar må vere sikre på at alle personlege data innlagt er riktige.

Kl. 11:25 møter 1ST1 og 1ST2

Kl. 12:15 møter 1EL, 1HO, 1TP og 1TT

 

Russen vil og kome inn og informere om aksjonen sin, Krafttak mot kreft.
Ta vel i mot dei :)

 

Adm.

30 jan

OPEN SKULE 2020

30 jan

INVITASJON

JVS_Velkomen

Haram vidaregåande skule inviterer til OPEN SKULE torsdag 30. januar 2020

 
Skulen inviterer alle 10. klassingar, foreldre/føresette til 10. klassingar,  og foreldre/ føresette til elevar ved Haram vidaregåande skule og publikum elles som ønskjer å sjå Haram vidaregåande skule, hit torsdag kveld.

17:30 - 18:00   Felles informasjon for 10. klassingar og foreldre/føresette i Auditoriet, gitt v/leiinga ved Haram vidaregåande skule

18:00 – 20:00  Haram vidaregåande skule er open for alle
Open Skule - der klasserom, verkstadar og spesialrom har aktivitetar som liknar vår normale kvardag. Alle rom vert opne i denne perioden               

18:00 – 20:00  Biblioteket i 1. høgda:                                             
Møt representantar frå næringslivet i region Nordre

Lett servering for 10. klassingar, foreldre/føresette og gjestar utanfor auditoriet ved oppstart.

  

Dette er eit godt høve til å få eit direkte møte med representantar frå næringsliv, kommune og skule.

 

Kantina vår held ope.
Stikk gjerne ned dit for eit smakfullt avbrekk under besøket. Det er her elevane våre slapper av mellom øktene, så gjer det gjerne du og. 

                                                                       

Velkomen til oss!