Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Kalender for Haram VGS

Kalender for Haram VGS

‹‹ Oktober 2019 ››
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31      

Tysdag 1:

Ekskursjon til CERN

28 sep 08:00 - 3 okt 20:00

Ekskursjon til YORK

30 sep 08:00 - 4 okt 20:30

Oktober 2019:

28 sep

Ekskursjon til CERN

28 sep - 3 okt

30 sep

Ekskursjon til YORK

30 sep - 4 okt

2 okt

KENYA2019-ekspedisjonen

2 okt - 9 okt

2 okt

Tekstpilot - kurs 1

2 okt

Tekstpilot-kurs 1 er eit introduksjonskurs for elevar i bruk av støtteprogrammet Tekstpilot.

Kurset er greit å ta anten du har brukt Tekspilot på PC før eller ikkje. Du møter opp og vil få hjelp til å kome i gong med programvaren, samstundes som du vil få gode tips frå rettleiar og medelevar om lure ting å gjere i skriftleg arbeid eller anna.

Seinare tilbyr vi oppfølgingskurs, kurs 2, der du kan få hjelp med ting du lurer på etter å ha prøvd programvaren ei stund. Dette er og nyttig med tanke på heildagsprøve-perioden som kjem rett etter.

Vi ønskjer dykk ei god arbeidsøkt.

16 okt

KENYA - plenumsinfo (alle møter i auditoriet)

16 okt

Kenya2019_1

KENYA-ekskursjon 02. - 09.10.19
Fire elevar ved Haram Videregåande Skule er no i Kenya og ser korleis arbeidet til North South Partnership Aid hjelper born med husly og skule. Elevane ved HVS bidreg til finansieringa ved å gi ein dag med arbeid, ein gong i året. I tillegg til flaskeinnsamling på skulen.
Følg gjerne @nsp.aid for å følgje med på kva som skjer!
Foto: Jon Håvard Bjørdal Sylte

  
Og for alle dykk på Haram vgs, onsdag 16.oktober informerer vi dykk om opplevingane våre under denne turen. Møt opp etter oppsett plan. Deretter vert det opp til oss alle å samle inn så mykje vi kan til prosjektet.

Følg med!

16 okt

VIP for VG2 - Meistring!

16 okt

Kjensler

VIP - rettleiing og informasjon om tema psykisk helse

... om livet og sånn ... og om å meistre det! 

Onsdag 16. oktober kjem Ingrid Røyset til oss for å snakke med alle Vg2-elevane våre om akkurat dette. Korleis gjere seg budd til å meistre dette livet vi skal leve? Det finst jo ingen fasit, og ikkje veit vi kva som kjem heller.

Men, vi kan bli litt meir kjende med oss sjølve, ha gjort oss nokre tankar på førehand, og kanskje slik bli betre budd når ting plutseleg røyner på for oss.

Velkomen til ei fin økt der vi set kvardagen og oss sjølv litt i fokus. Håper de alle vil få nytte av 

 

Auditoriet, i 7.-8.time (kl.13:05 - 14.30).
Alle Vg2-elevar med lærarar møter

21 okt

2HO-utplasseringsveke i YFF

21 okt - 25 okt

21 okt

Kultursekken presenterer; "En folkefiende"

21 okt

"Hvordan takle dagens samfunnsproblemer når vi ikke lenger kan snakke, lytte og diskutere med hverandre?"

Philipp Stengele er nok ein gong aktuell med klassikar for ungdom. Stengele kan sitt arbeid og vart nominert til Heddaprisen 2016, den gong i kategorien for beste scenetekst for sitt tekstarbeid med Othello. Forestillinga vart og nominert til Heddaprisen 2016 i kategorien for årets barne- og ungdomsforestilling.

"En folkefiende" er eit drama skrive av Henrik Ibsen i 1882, og uroppført på Christiania Theater den 13. januar i 1883. Det var og sett opp på Den Nationale Scene i Bergen same år.

1882 er lenge sidan, men stykket er kanskje like aktuelt i dag?!

 

No blir det spennande å sjå korleis Philipp Stengele vel å presentere dette for oss - møt budd og kos dykk!

 

 

En folkefiende

Kjelde: Teateret vårt, Kultursekken Møre og Romsdal fylkeskommune

Show All Events..