Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Kalender for Haram VGS

Kalender for Haram VGS

‹‹ April 2020 ››
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

Onsdag 1:

April 2020:

15 apr

Hugs søknadsfrist for høgare utdanning

15 apr

Søknadsfrist: 15. april

Universitet og høgskole
Hugs at 15. april kl. 23:59 er siste frist for å søkje, eller legge til, fleire studieønske i søknaden din.

Etter søknadsfristen er det berre mogleg å omprioritere studieønska du allereie har lagt til i søknaden din. Du kan omprioritere studieønska fram til 1. juli.

Du må også laste opp dokumentasjon på utdanning og praksis som er avslutta 15. april. Utdanning du fullfører i vår kan du laste opp heilt fram til 1. juli.

  

Forflytting av fristar gjeld ikkje lenger!
Tidlegare har fristar for opptak blitt utvida til kl.14.00 (norsk tid) dagen etter for å dekkje alle verdas tidssoner. Dette har blitt endra frå og med opptaket 2020. Alle fristar vil nå gå ut ved midnatt den aktuelle fristen.

   

Link til Samordna opptak

   

Anna informasjon:

Dei ulike studiestadane har laga eigne ordningar for å imøtekome behov kommande studentar har om meir informasjon om spesifikke studier, høve til å spørje om ting direkte, osb.

Sjekk difor ut heimesidene til dei studieplassane du går og har lyst til å søkje deg inn på no. Desse har sikkert lagt ut masse nyttig informasjon.

Eit døme er Universitetet i Bergen.
Dei har sendt ut følgjande informasjon;
Denne våren har blitt annerledes for alle, ikke minst for alle elevene i skolen. Vi har ikke lenger de vanlige møteplassene, og nå arbeider vi alle digitalt. 
I den anledning ønsker vi på Realfag på Universitetet i Bergen å sende ut en melding til landets videregående skoler: selv om campus er fysisk stengt, er vi ikke stengt digitalt

Vi tilbyr fortsatt tradisjonell veiledning til elever (og foreldre) som lurer på studievalg via telefon og e-post, og studentambassadørene er tilgjengelige gjennom «Ring en student» og «Chat med en student».

(Les heile infoskrivet frå UiB i vedlegget du ser til høgre).

  

Rådgjevar ved Haram vgs, Ivar Roald, er tilgjengeleg om du ønskjer nokon å rådføre deg med. Ikkje ver redd for å ta kontakt.

(Sjå kontakt-info oppe til høgre, og hans eige oppslag på Framsida).

Søk info der du kan - ikkje la korona-tider stoppe deg i å oppfylle planane dine for framtida.

Lukke til med søknaden din til høgare utdanning.

  

  

27 apr

VG2 Yrkesfag vert ønska velkomen tilbake

27 apr

Haram vidaregåande skule vert opna for VG2 yrkesfagselevar måndag 27. april.