Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Kalender for Haram VGS > Kontaktmøte-periode

Mandag 26. oktober 08:00 - Fredag 30. oktober 18:00

HVS

Kontaktmøte-periode

Alle elevar vil få invitasjon til kontaktmøte av sin kontaktlærar.

Vi håper alle føresette til elevar under 18 år finn tid til å møte.
Føresette til elevar over 18 år er og velkomne inn i lag med eleven, om eleven sjølv ønskjer dette. Kvar elev/heim vil få tildet eit spesifikt tidspunkt for møtet og all kommunikasjon om dette blir mellom kontaktlærar og elev/foreldre.

  

Vi ønskjer at denne samtalen skal vere eit positivt møte mellom elev, foreldre/føresette og skulen, der eleven sin faglege og sosiale læring og utvikling står i fokus.

Målet med samtalen er å få ei felles forståing for eleven si utvikling, fagleg og sosialt. Vi ser det som viktig at eleven får tydelege framovermeldingar om kva som skal til for å oppretthalde sitt faglege nivå og få god progresjon vidare i skuleåret. Ein vil eventuelt og sjå om det er nokon utfordringar og snakke litt om eleven sitt behov for støtte, og tilrettelegging på skulen og heime.

Det er sjølvsagt og høve til å ta opp andre ting elev, føresette eller kontaktlærar ønskjer å snakke om knytt til skule/skulekvardagen. 

  

Velkomen til kontaktmøte.