Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Kalender for Haram VGS > SMISO og helsesøster informerer.

Mandag 19. mars 09:40 - Mandag 19. mars 11:00

Auditoriet

SMISO og helsesøster informerer.

Senter mot incest og seksuelle overgrep Møre & Romsdal (SMISO)

Skulen har eit viktig ansvar for å førebygge seksuelle overgrep. SMISO viser bl.a. til:

Kompetansemål etter Vg1/Vg2 i læreplan for samfunnsfag under Individ, samfunn og kultur:
«Mål for opplæringen er at eleven skal kunne analysere omfanget av ulike former for kriminalitet og overgrep
og drøfte korleis slike handlingar kan førebyggjast, og korleis rettstaten fungerer».

Det blir og vist til ny overordna læreplan med tverrfagleg tema som folkehelse og livsmeistring.

Tradisjonelt har det førebyggande arbeidet som gjeld seksuelle overgrep vore styrt av helsesøster
og politi. SMISO har dei siste åra blitt ein integrert del av dette opplegget. Dei sit på god
fagkunnskap om seksuelle overgrep og deira innlegg har fått mange positive tilbakemeldinger frå både helsesøster,
politi og skuleleiing. Samarbeidet mellom SMISO og helsesøster/politi vil halde fram, og 19.mars kjem dei turen innom haram vgs.

Velkomen til ein nyttig, og augeopnande, informasjonsøkt