Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Kalender for Haram VGS > VIP for Vg1 - plenumsopplegg

Mandag 30. september 09:40 - Mandag 30. september 11:00

Auditoriet

VIP for Vg1 - plenumsopplegg

VIP - rettleiing og informasjon om tema psykisk helse

... om livet og sånn ...
Dette er eit landsdekkande prosjekt som blir kalla VIP (veiledning og informasjon om psykiske helse). Prosjektet starta for fleire år sidan som eit førebyggjande tiltak i Akershus fylke, med støtte av det dåverande Helse- og sosialdepartementet. Prosjektet har sidan spreidd seg til stadig fleire fylke, inkl. Møre og Romsdal.

Haram vidaregåande skule har vore med frå starten av og gjennomfører VIP-prosjektet årleg. Dette etter oppmoding frå elevane som har vore med tidlegare. Tilbodet rettar seg mot alle Vg1-elevar ved skulen. I korte trekk går VIP-prosjektet ut på å rettleie og informere elevar og lærarar om psykisk helse og psykiske problem hos ungdom.

 

Hovudmålet med prosjektet er:

”Å gjere elevar betre rusta til å ta vare på eiga psykisk helse og bli merksame på kva hjelpetiltak ein kan søkje ved psykiske problem og lidingar.”

 

Prosjektet ønskjer først og fremst å sette søkjelys på vanlege ungdomsproblem og vi har sett av totalt 6 timer, fordelt på 3 økter til dette.

Opplegget blir gjennomført i samarbeid med helsetenestane i Haram kommune og PPT. 

  

Psykisk helse

Kontaktpersonar

Hilde Kristin Aasgaarden
Fagleder
71 28 17 03 / Mob. 906 86 542
Send e-post

Dokument

VIP-program 2019
DOCX-dokument - 1,32 MB