Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter

Lærling neste år?

Da må du sjølv søke på læreplass. Skriv ein god søknad, tenk over kven du er, kva du er god på og førebu deg godt til intervju. - Kva veit du om bedrifta du ønskjer skal ta deg inn som lærling? Les deg opp, bli informert - ver engasjert!

Les meir

Har du lyst på eit skuleår i Skottland?

Elevar som tek Vg1 på studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Elevar som nyttar seg av denne ordninga, vil gjennomføre den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra, samstundes som dei skaffar seg verdifull internasjonal studieerfaring.

Les meir

HVS inviterer til Open skule 2.februar

Alle er velkomne når Haram vidaregåande skule inviterer til OPEN SKULE torsdag 2. februar 2017, kl 17:00 - 20:00.

Les meir

Gratulerer, Emma!

Flott innsats av elevane som deltok på Fylkesskulemeisterskapet i Kristiansund, der ein konkurrerte i sveising og maskinering. 

Les meir

HVS-elevar til Fylkesmesterskapet

Opplæringskontoret i Haram arrangerer uttakskonkurranse i forkant av Fylkesmesterskapet 2017 for yrkesfagelevar. I samarbeid med Haram vgs set ein fokus på fagleg presisjon og god prestasjon under eit gitt oppdrag - målet er å gjere oppdraget så godt som overhode mogleg. 

Les meir

Smykkar ut Haram vidaregåande skule

Ålesunds kunstnaren, Bent Erik Myrvoll, har fått oppdraget med å utsmykke "nye" Haram vidaregåande skule.

Torsdag 8. desember rykka han ut, ankom Brattvåg og Haram vidaregånde skule under fulle "sirener" og ljomande musikk i Kunstambulansen sin. Med seg i Kunstambulansen hadde han 5 store fotokunstmontasjar som skulle gi farge, liv og undring på skulen.

Les meir

Robotisering - eit spennande, nytt prosjekt er på gong

Eit nyoppstarta samarbeidsprosjektet i robotisering mellom HVS, IP Huse og Robotek start opp no i desember. Fra HVS si side er det 1TAF-TIP som skal arbeide med dette første prosjektet.

Les meir

Nissefest 2016

Små og store nisser, glad latter og god grautlukt. Jo, no var det verkeleg desember!

Og nissefolket, dei hadde flytta inn frå gamal-løa og andre, meir tilfeldige lokaler, til kantina på HVS for å arrangere nissefest for småfolket i Brattvåg barnehage.

Les meir

Forskjøve matfri på fredag 16.12!

5.time er flytta fram, med oppstart kl.11:10 og slutt kl.11:50!

Les meir

NUPI Skole - Hvor hender det?

I ei omskifteleg verd har Hvor hender det? (HHD) i meir enn 50 år bidrege til utsyn og innblikk for undervisning og tankar om internasjonale forhold. På nupi.no/skole får du en oversikt.

Les meir