Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > 1ST Internasjonal på tur til Spania

1ST Internasjonal på tur til Spania

Hola! 

I midten av februar sette 22 elevar frå 1ST Internasjonal ved Haram vidaregåande skule kursen mot Spania, saman med to lærarar. 

Samarbeid Colmenar og Brattvåg
Vi samarbeidde med ein skule i Colmenar, og budde med vertsfamiliar i området. I løpet av ei innhaldsrik veke fekk vi besøke mange plassar nært Madrid, samt utforska sjølve byen. Turen har gitt oss innsikt i spansk kultur, språk og historie. 

Vi gler oss veldig til at spanjolane kjem til oss i slutten av mars.

 

Ankom Madrid midt på dagen fredag 7. februar.
Vi vart køyrd med buss frå flyplassen til skulen. Der vart vi tatt imot av vertselevane våre og vart køyrd heim til dei. Vi åt lunsj saman med vertfamiliane våre og brukte ettermiddagen til å bli betre kjend.  

1ST_Internasjonal_1

  

Seinare på kvelden drog alle 44 ut til Colmenar Viejo for å ete middag saman. 

1ST_Internasjonal_2

 

I helga 
var kvar elev saman med vertsfamilien sin, men vi fekk likevel vore mykje saman.

Mange reiste til Madrid for å utforske byen på laurdag, og på søndag reiste alle saman til ein fornøyelsespark i Madrid som heitte “Parque de Atracciones de Madrid”.  Her var vi heile dagen og vi hadde det veldig morosamt saman. 

1ST_Internasjonal_3

 

På måndag starta vi dagen på skulen,
der vi mellom anna hadde presentasjonar om Noreg til fleire spanske klasser, og åt «churros con chocolate» til lunsj. Ingen bilete derifrå, diverre, men det fortel jo at vi alle hadde skikkeleg fokus på det vi holdt på med :)

Vi norske vart deretter guida rundt i Colmenar. Her var vi i ein katolsk basilika og på museum, der vi fekk lære om historia til Colmenar. Ei historie som mellom anna tok for seg honningproduksjon og tyrefekting, naturleg nok.

1ST_Internasjonal_4

 

1ST_Internasjonal_5

 

Segovia
Dagen etter møtte vi alle opp på skulen for å ta buss til byen Segovia. Det var ein lang busstur med mykje song og dans om bord i bussen. Då vi endeleg kom fram, samla vi oss ved akvedukten saman med ein guide som skulle vise oss gjennom Segovia, og fortelje oss om eit stort slott som var i byen.

Det første guiden fortalde oss om var den store akvedukten. Den var bygd av romerane, og var veldig gammal, lang og viktig for byen.

1ST_Internasjonal_6

  

Ruinene var vakre, og heile området gav oss ein spesiell stemning. Noko bilete under kanskje kan gje det rette inntrykket av. Ei verkeleg fin utflukt hadde vi denne dagen!

1ST_Internasjonal_7

  

Onsdag 12. februar var vi på sightseeing i Madrid.
Vi besøkte det kongelege slottet, Museo del Prado, og vi hadde eit rebusløp rundt nokre turistattraksjonar i Madrid.

Etter vi hadde vore på ulike turistattraksjonar, fekk vi fritid der vi fekk gå på shopping og sjå meir av Madrid litt meir slik "på eiga hand". På kvelden samla mesteparten seg i Colmenar og åt middag på KFC og Taco Bell.

1ST_Internasjonal_8

   

Den fjerde dagen gjekk vi tur i ein nasjonalpark,
ved ei fjellkjede som heiter La Pedriza. La Pedriza er ein av dei største granittkjedene i Europa.

Vi hadde guide som tok oss med rundt, og viste oss den flotte nasjonalparken. Det var veldig spesielle steinar og steinformasjonar der, og etter 3 timar nådde vi toppen på 1205 meter over havet. Vi berre konkluderte; - å gå på fjelltur i Spania er akkurat som å gå på fjelltur i Noreg - så der er vi like :)

Etter fjellturen drog mange av oss på airsoft (og fotograferte under her), medan andre drog på kjøpesenter (ingen bilete, berre gode kjøp).

 

1ST_Internasjonal_9

 

1ST_Internasjonal_10

    

Fredag14. februar var det klart for å reise attende, til Noreg og grovbrød.

Vi starta dagen på skulen, der vi såg videoane vi hadde laga saman i løpet av veka. Deretter vart det ein tårevåt avskjed, noko som tross alt passa godt på sjølve Valentinsdagen.

Vi har hatt ei fin veke i Spania, og gler oss til å møte våre nye spanske venar igjen.

  

1ST_Internasjonal_11

  

Hasta luego!

 

(Tekst og bilete v/elevar og lærarar i 1ST Internasjonal)