Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > 1ST2 Internasjonal - Besøk frå Skottland

1ST2 Internasjonal - Besøk frå Skottland

På oppstarten av skuleåret hadde Vg1ST2-Internasjonal besøk av jamnaldrande elevar frå Skottland.

Her er vi, som ekte turistar i Geiranger!

Fyrste dagen 27.sept.2016:
Skottane hadde reist frå Skottland til Amsterdam og vidare til Vigra denne dagen, der vi plukka dei opp. Dei visste ikkje kven dei skulle vere med eller kven vi var, så det var litt som "ei overrasking" for dei å lande der ute på øya og stå og vente på at nokon skulle plukke dei opp. og der sto vi!

Vi køyrde dei heim att til kvar vår heim, og det blei middag med familietid og ein «bli kjend kveld».

Andre dagen 28.sept.2016:
På den andre dagen, var det eigentleg skuledag, men alle vi på Vg1 ved Haram vgs skulle til Ålesund for ein fagdag kalla "Ocean Talent Camp". Det fyrste vi gjorde var difor å besøkje NTNU Ålesund, i forbindelse med “Ocean Talent Camp”. Her var det fullt opp av andre elevar frå andre skular, og vi, som passa godt på våre nye venar medan vi gjekk rundt og kika.

Etter “Ocean Talent Camp”, var vi ilag med skottane på Egon ute i Ålesund og åt frå pizzabuffeten deira. Sosialt og kjekt.

Til slutt gjekk vi opp trappene til fjellstua på Aksla.

Dag2

Før vi reiste heimatt så hadde vi fritid med både shopping og vandring rundt i gatene. Tommelen opp for det!

Tredje dagen 29.Sept.2016:
På den tredje dagen hadde vi ein vanleg skuledag, der skottane fekk vere med oss i timane våra. Vi haldt bl.a. presentasjonar og hadde ein Kahoot om Noreg. Skottane fekk og omvising av rektoren vår, Jan Magne Helland. Dei synast at vi hadde ein moderne skule.

Det var lagt opp til fritid med vertsfamiliane etter skuletid. Seinare på denne kvelden bestemte vi oss til å ta dei med til Brattvåg bowling. Det var kjekt å gjere noko så vanleg i lag.

Dag3_Bowling

Her er eit stemningsbilete frå denne kvelden.

Deretter såg vi Brattvåg damelag spille mot Herd oppe på anlegget til BIL. Stillinga blei 1-0 til Brattvåg, det må jo seiast.

Fjerde dagen. 30.sept.2016:
Geiranger er ganske kjend her i Noreg, og i verda elles. Vi tok difor med oss skottane dit. Vi reiste med buss, noko som var vel verd turen i seg sjølv; - dei ville ta bilete frå utsiktspunktet kor du kunne sjå alle fjordane med elvane. Du ser oss på bilete øvst oppe.

Bussen gjekk vidare til Norsk Fjordmuseum. Vi åt lunsj og tok ei runde rundt i museet. 

Dag4_Geiranger

Etter museet, var neste stoppet ved Juvasshytta - utsikten ser du foran oss. Ganske så flott! Etter det igjen, tok vi bussturen heimatt og hadde familietid.

Natta før dei skulle reise tilbake til Skottland, så har dei fleste av oss døgna for å ta ein siste farvel.

Dag1_Vigra

Skrive av;

- Kristina, Jeanette og Dana, 1ST2 -

NB!
Seinare denne hausten skal vi reise over til Skottland - det GLEDER vi oss til!
Referat frå den turen, finn du her.