Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > 1ST2-internasjonal på tur i Gdansk

1ST2-internasjonal på tur i Gdansk

Etter ein intens periode med idemyldring, google-søk og informasjonsinnhenting ... Påfølgd av diskusjonar, planlegging av program og, endeleg, bestilling av billettar og overnatting, var jentene i 1ST-Internasjonal klar for ein ny utflukt og nye opplevingar. Her er litt av kva dei opplevde denne veka i Gdansk.

Gdansk2017_bilde2

Tysdag 7.mars
Vi i 1ST-internasjonal reiste til Gdansk frå Vigra klokka 22:00. Først full skuledag, med andre ord, og så var vi "pakka og klar" for å reise!

Då vi kom fram til Gdansk blei vi henta på flyplassen og køyrd til leilegheitene vi skulle bu i. Vi budde i gamlebyen, i eit område som heite Chmielna Park. Vi kom fram veldig seint, så vi rakk ikkje å gjere noko skulerelatert før vi skulle legge oss.

Onsdag 8.mars - bli kjend i gamlebyen i Gdansk
Vi starta dagen med ein guida tur med guiden vår, Monica. Turen starta ved The Golden Gate. Ho fortalde om arkitekturen og dei kongelege sin veg gjennom byen for mange hundre år sidan. Turen varte i omlag tre timar. Vi gjekk gjennom heile gamlebyen og vi var innom Saint Maria-kyrkja og Saint Catherine-kyrkja.

Mathea, Dana og Elisabeth hadde ei prosjektoppgåve om arkitektur, og når vi var på denne turen fekk vi sjå alle dei fantastiske arkitekturtrekka som er særdeles kjend for Gdansk.

Ettersom det var veldig kaldt ute, tok vi oss ein lunsjpause på ein italiensk restaurant. Etter ei pause i leilegheitene gjekk vi inn til sentrum igjen, der vi prøvde oss på «Escape Room».

Vi avslutta dagen med middag på Hard Rock Cafe i hovudgata.

Gdansk2017_bilde1

Torsdag 9.mars - museum på agendaen
På torsdag tok vi turen til Amber Museum og Jailing Museum. Gdansk er kjend for sin rav-kunst som vi fikk sjå på i Amber Museum. Dei stilte mellom anna ut rav-smykker og figurar, og rav med avdøde planter og dyr på innsida.

Jailing Museum var ganske skuffande, ettersom vi forventa eit ordentlig museum der dei viste korleis menneske blei torturert før i tida, men det var bare eit lite rom som ikkje hadde noko med det dei reklamerte for, då ikkje alt var opent.

Etterpå fekk vi tid til å gjere det vi ville. Vi reiste på eit kjøpesenter der vi jobba med prosjekta våra, etterfølgt av mykje shopping.

På kvelden åt vi middag i ein sportsbar, medan vi såg på fotballkamp. Etter middagen samla vi oss i leilegheitene og jobba meir med prosjekta våra.

Gdansk2017_bilde2
Gdansk2017_bilde3

Fredag 10. mars - tur til Stutthof konsentrasjonsleir
Det vart ein sein start på dagen, då reisa til Stutthof konsentrasjonsleir ikkje byrja før 10.30. Vi vart henta ved leilegheitene og fekk ei kjapp oppsummering om Polen si historie på veg til konsentrasjonsleiren. Bilturen tok omlag ein time. Vi hadde med ein guide som snakka mykje om historiene som overlevande frå leiren har fortald i ettertid.

Stutthof var den første konsentrasjonsleiren i Polen. Den vart opna i september 1939, retter etter Polen blei invadert, men fungerte som arbeidsleir i starten.

Gdansk2017_bilde5
Gdansk2017_bilde4

Vi fekk sjå ein modell av Stutthof slik det såg ut under 2. verdenskrig, men leiren ser ikkje lengre slik ut i dag. Dei fleste brakkene hadde blitt brend ned, men det var fem brakker som stod der fortsatt, og blant desse sto krematoriet...

Sjølv om opplevinga var trist, var det også interessant. Vi fekk mellom anna sjå korleis soveplassane og uniformene til fangane var. Vi fekk sjå både gasskammer og gassvogner.

Etter Stutthof-turen, jobba alle saman med prosjekta sine.

På kvelden hadde vi vår siste fellesmiddag på Hard Rock Cafe.

Gdansk2017_bilde6

Laurdag 11.mars - eit siste overblikk og heimreise
Vi sjekka ut frå leilegheitene klokka 10.00 laurdag morgon. Vi hadde litt fritid, der nokon av oss valde å ta turen opp til tårnet i Mariakyrkja, med sine 405 trappetrinn.

Etter dette tok vi ein rask lunsj. 

Vi gjekk tilbake til leilighetane for å hente bagasjane våre, så reiste vi vidare til flyplassen.

Gdansk2017_bilde7
Gdansk2017_bilde8

Her er to av oss på toppen av Mariakyrkja, med flott utsikt over byen og landskapet omkring.

Turen vår til Gdansk var både artig og lærerik!
Nok ein kjekk tur og ei oppleving i lag med 1ST-Internasjonal - takk for turen!

Skrive av

Jeanette, Kristina, Julianne, Elisabeth, Mathea og Dana i 1ST2.