Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > 2017 er valår – også i skulen!

2017 er valår – også i skulen!

Skuleval 2017 arrangerast på alle vidaregåande skular landet over i desse dagar. Skuleval er ei form for prøveval som blir halde ved vidaregåande skular i samband med andre val, som lokalval, stortingsval eller folkerøystingar. Vala er meint å vekkja politisk interesse og engasjement blant ungdom og læra dei noko om den demokratiske prosessen.

Paneldabatt
Ved Haram vgs var det paneldebatt på Ingebrigt Davik-huset måndag 28.08. Den gjekk med fullt storsal og engasjerte debatantar i panelet. Det heile var styrt av ordstyrar for dagen, redaktør i Nordre, Robin Røkke Johansen.

"Skulevala spelar ei sentral rolle i det valførebuande arbeidet til skulane, og dei er ein viktig del av valkampen til dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane. Formålet er likevel fyrst og fremst å vera eit pedagogisk verkemiddel i arbeidet med å auka den politiske kompetansen og interessa blant dei unge. Gjennom skuleval får elevane praktisk røynsle med livet i eit vallokale, og dei blir direkte eksponerte for politisk argumentasjon. Tanken er at kompetanse og interesse er avgjerande for å få fleire fyrstegongsveljarar til å nytta sin demokratiske rett til å røysta. I Noreg blir skuleval arrangert og koordinert på nasjonalt nivå." (... frå samfunnsveven.no)

Spennande er det i alle fall å vere med under paneldebatten, høyre kva kvart enkelt parti står for og kva dei vel å fokusere på i oppkøyringa mot valet.

Val2017_Panelet

Panelet under debatten i storsalen på ID-huset

Val2017_Panelframlegg

Parti etter parti kom med sine framlegg - det var berre å lytte.

Val2017_FullsettSal

HVS-elevar var lyddhørt publikum

.
Etter paneldebatten var det høve til diskusjon. Nokon turde seg frampå mot politikarane, andre diskuterte livleg seg i mellom i etterkant medan dei venta på bussen heim. Det er vel sjeldan ein høyrer så mykje politisk meiningsytring og politiske samtalar i korridorane på HVS som i desse dagar. Det er flott, engasjert ungdom vil vi ha!

Skuleval 2017
Skulevalet blei gjennomført etter eigen plan onsdag 30.08 og torsdag 31.08.17. Så blir det spennande å sjå korleis dei unge stemmene fordeler seg i vår region, tenkte ein då. No er resultatet klart etter rekordoppslutning. Heile 85,9 % av elevane ved vidaregåande skular i Møre og Romsdal har stemt ved årets skoleval. Dette er den høgste valdeltakinga i skoleval i fylket sidan 1995.

Her får du oversikt over valresultatet i Møre og Romsdal og i landet elles.

Vil du vite meir om val og tendensar innan politiske meiningar?
Skulevalet er eit godt utgangspunkt for å lære om demokrati og politisk meiningsbrytning. På samfunnsveven.no ligg resultata etter årets val og frå tidlegare skuleval og skulevalsundersøkingar. Der ligg det og ute anna nyttig informasjon. Ta ein tur innom der! 

.