Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > 2ST-Internasjonal sitt utvekslingsprosjekt med Belgia

2ST-Internasjonal sitt utvekslingsprosjekt med Belgia

I fjor fekk 2ST-Internasjonal tilbod om utveksling med ein skule i Waregem, Belgia. Klassa takka ja til dette tilbodet og gledde seg veldig.

I byrjinga av mars tok elevane turen og drog til sine vertsfamiliar. I løpet veka besøkte dei Ghent, Brussel, Antwerpen og Brugge. I Antwerpen hadde elevane sightseeing rundt byen i lag saman med ei gruppe elevar frå Italia. I Ghent besøkte de Gravensteen, eit middelalder slott og etter det drog dei heim til ein av lærarane og bakte belgiske vaflar. I Brussel gjekk dei rundt i byen, såg på statuen Manneken Pis og såg på den fantastiske arkitekturen som byen hadde å tilby. Elevane besøkte også Brugge som er ein viktig hamneby, der dei hadde rebusløp rundt byen, åt enno fleire vaflar og såg på svaner.

Siste kvelden hadde elevane sosial samling i lag med vertselevane sine, før dei tok turen heimatt laurdags morgon, fulle av nye inntrykk.

2st-belgia3

 

Måndag 23. april var det klart for gjenbesøk. Programmet starta tysdag, og då gjekk turen til Geiranger. Der fekk vi sjå fin natur og dei djupe dalane. Onsdag følgde vi først skulens vanlege timeplan, før vi etter lunsj gjekk på ein flott fjelltur på Synnalandshornet. Torsdag var det vanleg skuledag og eit rebusløp i Brattvåg. Fredag reiste Belgiarane til Harøya og Finnøya. Dei besøkte I.P-Huse AS, Finnøy Havstuer og Håp i Havet. Etter turen til Harøya og Finnøya, drog alle saman å bowla på Brattvåg Bowling. På laurdag reiste vi til Ålesund og fekk ei omvising i byen. Vi gjekk til Fjellstua og såg den vakre utsikta. Deretter drog vi ned til Molovegen og såg på dei gamle «fiskeværa». Vi gjekk ut på Moloen og såg på den berømte brudesuiten. Vi avslutta dagen på Egon, ein restaurant som Belgiarane var svært fascinert av.  Søndagen bestemte vi oss for å ta dei med på ein litt lengre fjelltur enn Synnalandshornet. Vi toppa Samehjartet, óg kjent som «Tinden», og våre besøkande var veldig fornøgde. Vi avslutta utvekslingsprogrammet med å  grille ved Synnalandsvatnet og tilbrakte kvelden saman.

2st-belgia2