Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Belgisk kulturoppleving

Belgisk kulturoppleving

Ei veke i Belgia gir mange inntrykk - positive opplevingar og mykje nytt å lære! 

Waregem, Belgia

Det var i andre veka i mars at 2ST1-internasjonal var på utvekslingstur til Waregem i Belgia. Det vart ei flott oppleving!

Der budde dei med vertsfamiliar og fekk oppleve ekte belgisk kultur. I tillegg til å oppleve skulesystemet i Belgia og ekte belgiske heimar, fekk dei og besøke byane Brugge, Brussel og Kotrijk. Tett program, omgitt av kjekke folk og opne for alle dei nye inntrykka - jo, dette vart ein tur vi hugsar lenge;

- Kultur, nye vennar, sjokolade og belgiske vaflar. Ein perfekt kombinasjon :)

 

Kort oppsummert i bilete:

Belgia2019_1

Her er vi! Ein knakande flott gjeng!

 

Belgia2019_2

Stilfullt i sentrum! Det var så fint.

 

Belgia2019_4

Mmm - og, jada, smakte LIKE godt som det ser ut!

 

Belgia2019_3

Litt småkaldt i lufta,
  med akkurat passeleg vårleg stemning elles til at vi lett overså det :)

 

Om ei veke blir det gjenbesøk, då kjem 16 belgiske elevar på besøk til oss.

Vi gler oss!

 

Med helsing
Vg2ST-Internasjonal,
og faglærarane deira Elise Johnsen og Marit Anne Harstad