Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Besøk hos Brattvåg Vassverk

Besøk hos Brattvåg Vassverk

På fyrste måndag etter vinterferien var vi i Kjemi 1-klassen på besøk hos Brattvåg Vassverk i Brattvåg og fekk omvising i anlegget deira. 

Mån.26.02.18
Vi skulle blant anna få eit innblikk i kva for prosesser som blir nytta til å reinse drikkevatnet og korleis dette skjer.

Kjemiteorien vår i praktisk bruk, rett og slett. 
 

Da er vi framme!

BV_260218_1

Vassverket ligg berre ein fin spasertur oppover i terrenget frå skulen.
- Spennande å sjå kva dette bygget rommar, tenkte vi.

Vi blei tatt godt imot av Terje Otterlei, som er dagleg leiar ved vassverket.
Han viste oss rundt og fortalt korleis ozongass og aktivt kull blir nytta til å gjere vatnet reint og klart. Vatnet blir desinfisert ved UV-stråling før det blir sendt ut til brukarane som drikkevatn.

Andre detaljar vart og formidla vidare til oss gryande kjemikarar.

 

BV_260218_2

Her, på bilete over, er vi komne oss inn, og når bilete vart tatt, viste Terje oss vatn som blei desinfisert av UV-stråling.

Kjekt å få teorien presentert på denne måten.

 

Litt fakta;
Brattvåg Vassverk er som sagt lokalisert i Brattvåg, oppe i lia på vegen inn mot Synnalandsvatnet Forsyningsområdet er Brattvåg, Hellandshamn og delar av Alvestad. I tillegg leverer vassverket vatn til Sandøy og Haram Interkommunale Vassverk.
(http://bravass.no/)

 

Takk for at vi fekk kome på besøk!

 

Mvh
KJ1-elevar og faglærar