Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Biologi 2, feltarbeid i fjellet

Biologi 2, feltarbeid i fjellet

Basen var Kaldhussetra i Tafjordfjella og feltarbeidet var knytt til fjellvegetasjon.

Ein 3-dagars ekskursjon til stor fagleg nytte!

Biologi for erfarne
Ettersom det her er Vg3-nivå på faget, er det forventa at elevane veit korleis feltarbeid skal utførast og er i stand til å velje gode arbeidslokalitetar ute i felten basert på oppdrag og læreplanmål for denne ekskursjonen.

Tidsrammer og program sto lærarane for. Av erfaring, veit elevane då at her kjem det til å gå slag i slag!

Basen vår er ei av hyttene til turistforeninga, og den har alle fasilitetar. Ein fin plass å vere når ein ønskjer full fagleg fokus, men også må syte for både mat og anna sjølv.

 

 

Elevane fekk to ulike "fjellparti" å boltre seg på, og det gjorde dei på ein fortreffeleg måte.

Dag ein brakte oss opp på ei fjellhylle med lite tjern i myrlendt terreng.

Her skulle elevane utføre ei linjeanalyse, og vurdere både abiotisk og biotiske faktorar på lokaliteten sin og vurdere vegetasjonstypen (type myr, grad av gjengroing etc.)

 

Flott der opp, ja?

Tafjord_2

Nydeleg dag, trass eit litt trugande skydekke.

 

Tafjord_1

Og elevane våre, såg ut som "ein pose drops på avvegar", men dei visste godt kva dei skulle gjere på der ute, og dei vart etterkvart ganske så strategisk plasserte.

Kvar gruppe meinte faktisk at akkurat dei hadde valt den beste linja, så da var i grunn alle nøgde.

 

Tafjord_8

Vegen opp til denne fjellhylla var det vi sjølve som fann, eller, kanskje vi får seie lærar Hanne Ski - for ho gjekk foran. Vi andre berre laga stien bak ho.

Men til vanleg skulle vi kunne bruke desse merka på vår veg.

 

Tafjord_20

- Kjekt på tur!

 

På dag 2 fulgte vi også T-merkinga eit godt stykke oppover før vi igjen skar ut i terrenget.  

 

Dag to tilbrakte oss noko høgare opp i fjellet, og no sto rabber og snøleie i fokus. Ruteanalyse var metoden for begge desse to vegetasjonsamfunna.

 

Tafjord_3

Vel, denne dagen tok tåka oss litt, men med litt omjustering på programmet, så ble det en fin tur likevel.

Tåka letta, vi gjekk opp i fjellet og jobba godt.
Tåka seig nedover fjellsidene igjen, og det gjorde vi og, akkurat ferdige med vårt. Gjekk heilt fint det.

 

Stemningsbilete frå fjellet:

Tafjord_5

- Rabbesamfunn I

Tafjord_6

- Rabbesamfunn, vakkert haustfarga. Vi kooooosa oss!

   

Og ein alltid blid lærar:

Tafjord_9

- Denne veka er det biologigjengen min som har feltarbeid på Kaldhussetera i Tafjordfjella. Moltemyr eine dagen, og høgfjell den andre. Kjekt å få dra på tur med 25 så flotte elevar!

 

Overraskingar fekk vi og på vår veg
- så brått at  folk kunne høyre oss (nei, eigentleg berre lærar Hanne Ski) over heile Kaldhusseterområdet ('',)

Tafjord_10

- Søt da!

 

Og litt meir av naturen sine flotte detaljar:

Tafjord_11
Tafjord_12

 

Vel nede, og klare for litt skulearbeid.

Tafjord_21

- Ja, litt energi hadde nokon igjen etter all vandring, klatring og kryping. I alle fall når den eine læraren ber andre hoppe ...

 

Kveldstid er kos på tur!
Så nærma det seg middag på dag to, og til kvelden venta det kanskje ei søt overrasking i tillegg til middag?

Vi hadde i alle fall gode måltid, enkle og smakfulle. Midt i blinken for oss biologispirer.

 

TacoTafjord

- Elevane kan det med å diske opp (for det er dei som lager maten). Fint var det, godt var det.

 

Kvelds- og nattarbeid

Elevane jobba godt både ute i felt og inne på basen med etterarbeidet sitt.

Sluttproduktet skulle vere ein relativt omfattande rapport, laga gruppevis, så det var nok å gjere til langt inn i kveldstimane.

 

Tafjord_16

 

Tafjord_17

 

Tafjord_18

- Fokusert ungdom!

Tafjord_19

 - Fokusert lærar!

 

Restene av tida vart sosial
- med tacokveld (som du sikkert såg av bilete over her ein stad), kreativ variant av brownies, sang og spel, mykje spel!

Turistforeninga har eit godt utval av kortstokkar, brettspel og kunnskapsspel på hytta si, og det var til stor glede for alle.

Her var det ingen som ikkje hang seg med, og det var utruleg artig!

 

Tafjord_13

 

Tafjord_14

 

Tafjord_15

- Litt ut i dei seinare nattetimane, vart det etterkvart litt slik.

 

Å få tre så fine dagar ute i fjellet, er kjempebra.

Likevel, vi kunne gjerne vore der heile veka.
        Sjå kva elevane våre skreiv i hytteboka <3

Tafjordboka

 

Med dette takkar vi av.

Vi må heim og stå på litt inne på HVS og!

 

Tafjord_slutt

Bussen vår, nede i Tafjord, på veg heimover.

 

Helsing

BI2-kullet 2018/19, med lærarar