Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Ekskursjon i naturfag, Vg1 ST/TT

Ekskursjon i naturfag, Vg1 ST/TT

3 flotte elevgrupper, Vg1ST1, Vg1ST2 og Vg1TT, var i september på 3-dagars fagtur til Vestnes i lag med naturfaglærarane sine.

Målet var å studere naturleg utvikling, altså SUKSESJON, i naturen. I tillegg fekk alle høve til å bli betre kjende med kvarandre. Noko som heller ikkje er så dumt på oppstarten av eit skuleår på ein ny skule.

Kjekk ekskursjon i naturfag!

10.-12.september 2018
Basen var Vestheim ungdomssenter på Vestnes, ein flott plass å vere når ein er mange, og ønskjer både gode arbeidstilhøve og ei fin sosial ramme. 

Plassen har flotte, eigne uteområde der vi alle kan boltre oss og skape oss litt pustepauser mellom arbeidsøktene. Der er mogleheit for både inne- og uteaktivitetar, som t.d fotball, volleyball, biljard og eventuelt bading ... Eller diverse mogleg, og umoglege (!), rebusløp som lærarane måtte finne på ...

Feltstudie for første gong
Men det verkelege målet var eit større feltarbeid innan tema økologi, med fokus på omgrepet suksesjon.

Elevane fekk jobb i grupper og vurderte 3 ulike lokalitetar i nærområdet til ungdomssenteret. Der fann dei fram til dei abiotiske forholda i området (ja, det vil blant anna seie vind, temperatur i jord og luft, fuktigheit, pH, jordsmonn og lys). Dei bygde opp artslister for sine område, vurderte utbreiing av artane dei fann og leita fram pionerartar, nøkkelartar og skuggeplantar etter beste evne, og kor i suksesjonsprosessen er nå denne delen her av skogen? Dei las, diskuterte, og las litt igjen, grunngav sine val og forklarte sine observasjonar. I det store og heile hadde dei det nokså travelt! Ja, i hvert fall i følgje dei sjølve.

  

Nokre(les mange) bilete vart tatt under turen - mange fleire enn det som vert presentert her! Men med det fagfokuset elevane hadde, var svært mange av bileta av planter, trær, sopp, insekt, lav, mose ... Flotte bilete, men dei enda opp i presentasjonane deira ('',)

Ut i felt 1
- ein liten, siste gjennomgang før alle gruppen forsvann inn i vårt første skogsfelt.

Vestnes2018_1

 

Og den dagen vart det så travelt at ingen av oss kom på å ta nokre bilete til heimesidebruk!

 

Ut i felt 2 og felt 3
- også her ein liten gjennomgang før alle gruppen skulle få finne seg nye analyseruter, to ulike faktisk i dag ;) Ei rute inne i ein barskog og ei ute på eit hogstfelt.

Vestnes2018_2

 

Granfelt i fokus; - før og etter hogst
Nokre grupper forsvann inn i granskogen du ser bak oss der. Der inne var det relativt "grein-tett" og lite vegetasjon, mest mose og sopp.

 

Vestnes2018_6

 

Vestnes2018_7

Men sopp er veldige fine, da!
Sjølv om vi oppdaga at mange av dei er vanskeleg å artsbestemme, frykteleg vanskeleg!

 

Ute på hogstfeltet vart det i alle fall råd å fotografere. Akkurat det var ikkje så lett inne i tettaste granskogen...

 

Vestnes2018_3

 

Vestnes2018_4

Det nærmar seg nok slutten på feltarbeidet her :)

 

Vestnes2018_5

- sjå, vi fann eit tre å klatre i ...

 

Furufelt i fokus; - før og etter hogst
Andre grupper fekk gå, eller klatre, seg litt høgare opp, opp i ein gamal furuskog.

Der oppe var det relativt triveleg, og litt meir planteartar å finne ut av.

Vestnes2018_11

Lyst og kjekt å arbeide nede ved fururøttene, kanskje litt ulendt terreng?!

 

Etterpå var det ut på hogsfeltet, eit litt vel gamalt furuhogstfelt.

Det vart vi etterkvart samde om. men da såg vi i alle fall at suksesjonen går sin gang!

Vestnes2018_8

 

Vestnes2018_10

 

Vestnes2018_9

 

Vestnes2018_13

 

Vestnes2018_14

Ja, litt reklame for Haram vidaregåande skule - HVS! Det er kjempebra!

 

Eit siste knips av utsynet frå hogstfeltet vårt, før vi vende ned igjen til basen og etterarbeidet kunne starte for alvor.

Vestnes2018_15

 

Om vi spiste noko på turen?
Så klart! Medbrakt til frokost og lunsj, medan skulen hald ingrediensar til TACO-middag eine dagen og gruterett andre. Kokkene? Jo det var elevane!!! Så klart!

 

Oppsummert ...
Det vart to dagar i felt, to døgn med jobbing og så avslutta elevane det heile med gruppevise presentasjon av feltarbeidet sitt, sine funn og konklusjonar. Dette gjorde dei i plenum.

Lærerikt å høyre på, for ingen felt var heilt like.

Når dei først var i gong, og på høgden av kunnskapsnivået sitt i denne innlæringsprosessen, så tok dei like godt også ei prøve i tema før dei rydda (rydde og VASKA!) seg ut, og tok bussen heim til Brattvåg.

 

Faglærarane var samstemde etter turen; - for ein flott og arbeidsam gjeng! 

Takk for ein flott tur, og like flotte presentasjonar!

 

No gleder vi oss til fortsettinga i faget dette skuleåret.

 

Tommel opp frå 

Hanne, Lou og Hilde
(faglærarar i naturfag)