Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Ekskursjon til Ekornes, Sykkylven

Ekskursjon til Ekornes, Sykkylven

Mandag 10. desember var klassene 1EL1 og 1EL2 på ekskursjon til Ekornes AS i Sykkylven. I morgonmørkret sette elevar og faglærare seg inn i bussen utanfor Haram vgs, klare for ein tur til den verdsberømte bedrifta.

Foto: www.ekornes.no

Vel framme vart ein tatt godt i mot.

Det var først ein introduksjon av sjølve bedrifta og historia bak, gitt av omvisarane Solveig Gaundal og Natalie Urke Bøe.

Så kom ei innhaldsrik omvising i produksjonen. Under omvisinga fekk vi følgje produksjonen av det mest kjende produktet til Ekornes; lenestolen Stressless.

Vi fekk sjå korleis dei behandla trevirket til sokkelen til både stol og krakk, og følgje med på sveiserobotar som sveisa rammer til sete og ryggen på stolane.

Vidare var vi innom skumplastavdelinga – at der var forskjellige mjukheiter på skumplasten i forhold til fargen – visste vi vel ikkje på førehand! :)

På saumavdelinga fekk vi sjå at det kan vere mange forskjellige fargar folk vil ha på stolane sine – for her var det litt av eit spekter i fargar på skinnet som vart sydd saman, ja, for skinn er det dei fleste vil ha på stolane sine.

På trekkeavdelinga – der skinntrekket skal trøast på stolar og krakkar – var det flest menn, observerte vi, for her var det viktig å vere fysisk sterke for å få dette til.

 

Vg1EL_Ekornes1

Tobias og Sivert (nærmast) følgjer godt med. Malin, Martin, Krzysztof og Daniel gjer det same i bakgrunnen.

 

Vg1EL_Ekornes2

Mathias,  Ole- Kristian og Ruben var smilande blide på ekskursjon.

 

Vg1EL_Ekornes3

Omvisar Solveig viser sokkel på stol og krakk.

 

Vg1EL_Ekornes4

Må prøvesitte Ekornes-sofa; Tor-Atle, Margreta og Preben

 

Vg1EL_Ekornes5

Godt med ein kvil etter mykje nyttig informasjon; Tobias og Martin

 

Vg1EL_Ekornes6

Lærar Kjell-Morten saman med Michael, Kartik og Malin i bakgrunnen

 

Etter besøket var vi overtydd om at for å lage ein stol, trengs det mange ulike fagretningar! Vi såg at vi får bruk for alle programfaga våre i alle fall, både data- og elektronikkfaget, elenergifaget og, ikkje minst, automasjonsfaget.

 

Vi takkar Ekornes for omvisinga, og for gode vaflar!

 

Helsing
Vg1 EL-elevar og lærarar frå HVS