Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Ekskursjon til Vestheim, Vestnes

Ekskursjon til Vestheim, Vestnes

Kva er suksesjon?! 

Ja, det ville naturfag-lærarane gjerne vite.

Ikkje berre det forresten, men kva er pionerart kontra ein nøkkelart, symbiose kontra konkurranse, og ...

Fagord kom plutseleg trillande som perler på snor. - Kva meiner ein når ein brukar desse orda ute i naturen? 
Om elevane ikkje visste det før dei dro, er det stor sjanse for at dei veit det no.

Vestnes 09.-11.09.19.
Måndag til onsdag denne veka var elevane i tre klassar, 1ST1, 1ST2 og 1TT, på ein 3-dagars ekskursjon til Vestnes for å finne ut av dette med suksesjon.

Ekskursjonen skulle dekkje følgjane læreplanmål i naturfag:

  • undersøke eit økosystem og vurdere kor det er i suksesjonsprosessen
  • beskrive suksesjonsprosessar i eit økosystem
  • gjere greie for faktorar som verker inn på storleiken til ein populasjo

Undervegs i arbeidet skulle elevane i grupper få oversikt og fagleg forståing av fasane som er i ein suksesjonsprosess. Dette vart gjort med feltarbeid, der elevgruppene fekk studere tre ulike, tildelte felt-lokalitetar ute i naturen; - ein lokalitet i lauvskog, ein på eit hogstfelt og ein siste i ein barskog. Nokon endte opp med å studere granskog/-hogstfelt, andre furuskog/-hogstfelt.

Saman skulle gruppedeltakarane gjere ulike målingar og observasjonar, både innan biotiske - og abiotiske faktorar, leite opp teori og resonnere seg fram til gode slutningar basert på observasjonane sine i felt. Ikkje nødvendigvis så enkelt, men godt mogleg etterkvart som dei vart meir og meir felt-erfarne.

Vestnes2019_2

- Strålande ver og blide elevar - eit godt utgangspunkt ! -

 

Vestnes2019_3

- Informasjonspause før innrykk i skogen. Har alle alt klart no ? -

 

Vestnes2019_4

- Etterarbeid med jordprøvene frå kvart felt -
Kva vart pH her? Type jord, ev. innhald av sand og leire? Humus?!!!

 

Ny dag, og TO nye felt.
Litt tett busksjikt måtte ein kravle i gjennom også, men utsikta etterpå kunne ein ikkje klage på.

Vestens2019_7

- Gamalt hogstfelt, snart totalt gjengrodd ... Kva fase er vi over i då ? -
 

Når feltarbeid, jordprøve-testar og deloppgåver var unnagjort, skulle elevane setje dei tre felta dei besøkte, opp i rett rekkjefølgje med tanke på suksesjonsprosessen, peike på særtrekk og trekkje fram spesifikke artar per felt, jf. spørsmåla knytt til desse.

Det heile vart oppsummert og avslutta med framføringar/presentasjonar av kva kvar gruppe hadde funne ut og konkludert med. I tillegg måtte alle gjennomføre ein liten, individuell test på fagstoffet, slik at alle kunne kjenne på at no, no satt teorien slik den skulle.

 

Og heilt til slutt, vaske seg ut ...
Kanskje var det den tøffaste "testen" på turen  ...   ('',)

 

Vestens2019_6

Takk for innsatsen, alle saman!

 

Helsing lærarargruppa;
 Bjørn Olav Steinsbu, Hanne Ski og Hilde K. Aasgaarden