Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > GLEDE på Haram omsorgsenter

GLEDE på Haram omsorgsenter

Ja, for dette var gøy!

- GLEDE! Denne veka har vi hatt besøk av elevar frå Haram vidaregåande skule med prosjektet "Livsglede for eldre", skriv Haram Omsorgsenter på Facebook-sida si

Livsglede på Haram Omsorgsenter, april 2017

Denne gongen var det elevane ved Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget, som nytta frigitt tid i heildagsprøveperioden til å gjere ein livsglede-innsats rundt om på avdelingane ved Haram Omsorgsenter. Generasjonane møtast og det skaper kontakt og hygge.

Tre dagar på rad var de gulkledde å sjå rundt omkring på bygget, og overalt var det smil, latter og lett prat der dei deltok i dagens normale syslar. Her var det gode samtaler, spel og moro. Fine dagar og god avkopling frå heildagsprøvepresset.

- Kjempekjekt å vere der, smiler elevane. - Dei var jo så artige å snakke med og vere i lag med!

- Så kjekt at vi har fått til «Livsglede for eldre»-prosjektet. Masse positive tilbakemeldingar.  Elevane skapte glede og hygge, og det såg ut som ungdomane likte det like godt som dei eldre, er tilbakemeldingane frå omsorgsenteret. - Veldig kjekke jenter!

Livsglede for Eldre april 2017

     

Livsglede for Eldre april 2017_2

  

Livsglede for Eldre april 2017_3

Takk for fine dagar!
Vi satsar på fleire!!!

   

Her er andre Livsglede-prosjekt i regi HVS-elevar:
Livsglede for alle! Påskekos, før påska 2017