Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > HVS-stand på Haramskonferansen

HVS-stand på Haramskonferansen

Haramskonferansen er ein regional næringskonferanse på Sunnmøre som vert arrangert av Haram Næring og Innovasjonsforum i samarbeid med ÅKP og Haram kommune.

Tysdag 12. februar var Haram vidaregåande skule på plass med eigen stand i Ingebrikt Davik-huset i Brattvåg i høve Haramskonferansen 2019.

Dette er ein nærast årleg møteplass for deltakarar frå ulike delar av området; - frå næringsliv, frå Haram kommune, Møre og Romsdal fylkeskommunen og frå forskjellige utdanningsinstitusjonar, og konferanseprogrammet byr på aktuelle tema som reflekterer utfordringar og moglegheiter for regionen. Ein velkomen og godt besøkt konferanse.

HVS-stand
Desse fire, flotte elevane representerte skulen på eigen stand utanfor konferansesalen. Dei fortalde interesserte deltakarar som stakk bortom om kva Haram vgs. har å tilby ungdommen i regionen vår, utdjupa kva som låg i dei ulike utdanningsområda og sa også litt om korleis det er å vere elev på akkurat vår skule.

Haramskonferansen2019_stand1

- Stolte og skapande -
Velkomen som elev ved Haram vidaregåande skule.

 

Årets konferanse var spennande og interessant, og Haram vidaregåande skule er svært takksam for den merksemda skulen vart tildelt under arrangementet.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen hadde æra med å opne konferansen med sitt foredrag Regjeringen sin politikk for å sikre berekraft. Han hadde vore innom standen vår på veg inn, og startet det heile med å løfte fram Haram vgs sitt slagord og satsing på ungdommen. Les referat frå akkurat dette foredraget på nettsida til Maritimt Magasin (tekst og foto: Kurt W. Vadset), og sjå godt på bilete.

Etter lunsj presenterte dagleg leiar i Haram Næring og Innovasjonsforum, Henrik Dalelid Vedde, fokuset og arbeidet til forumet, inkludert det gode samarbeidet med Haram vgs. Dei har den siste tida vore med som støttespelarar i eit opplegg som elevane med faget marknadsføring har gjennomført. Deretter vart filmen deira om Haram vgs. vist. (Eit samarbeid med Frode Færøy, produsent). Ein avkorta versjon av denne kan du sjå på Facebook-sida til skulen - den finn du her.

Sjekk heimesida til konferansen! Her ligg nyttig fagstoff og informasjon som og kan vere interessant i etterkant av konferansen. Klikk her

 

Takk for at vi fekk vere med på eit så flott arrangement!