Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Havromkampen, korleis gjekk det?

Havromkampen, korleis gjekk det?

Joda, det skal du få vite!

Torsdag og fredag, 14. - 15. mars, var, som sagt, elevane som tek faget Teknologi og Forskningslære ved Haram Vidaregåande Skule, på tur til Trondheim for å ta del i konkurransen «Skipsdesigneren».

Det skulle vise seg å verte ei reise med stor suksess!!

- Krengeprøve for Båt B pågår - 

Elevane har sidan haustferien arbeidd med ei oppgåve som enkelt forklart er å konstruere og bygge ein modell av ei elektrisk ferge i eit spesifisert samband. Dei skulle og belyse og beregne ulike problemstillingar som lading, tilgong på nok straum og det å klare å erstatte ei ferge med fossilt drivstoff. Sentralt i dette er å lage ei ferge som har liten motstand gjennom vatnet.

I eit dataprogram har elevane prøva seg fram og valt det skroget dei  finn har det lågaste effektbehovet ved den farta dei måtte ha for å oppretthalde rutefrekvens i sambandet. Dei har og teke kontakt med kraftselskap for å finne ut i kva grad det er råd å forsyne ladestasjonene med nok straum.

 

Fergemodellane i målestokk 1:100 er utstyrt med standard motor, batteri, propell og ror, og skulle vere maks 90 cm lang og minimum 7 kg tung med last. Bildekk skulle ha plass til minst 150 personbilar. Stabiliteten til ferga var spesifisert med GM = 2 cm i modellskala. Dette handlar om plassering av tyngdepunktet, og krev både utrekningar og utprøving ved krengeprøve. Mykje er styrt, så det handlar om å finne gode løysingar innanfor reglane. Før byggestart fekk vi besøk av ingeniør Trine Nerem frå Vard, som kvalitetsikra at vi hadde forstått teorien rett.

 

TOF_2019_6

- Sander limer skrog, litt tidlegere i produksjonsfasen -

Byggematerialet er hard isopor, som vert forma med sag, rasp og pussepapir. Smeltelim for samanføying gjer byggeprosessen ganske rask fram til noko som liknar på det ferdige resultatet. Det er motiverende i ein lang prosess!

 

Etter ein hektisk prosess fram til ferdig modell, med testing i basseng som avslutning, var vi klare med to fergemodellar! Første konkurranse-element var fartsprøve. Det viste seg at vi hadde svært raske båtar, og HVS-B fekk beste tid i innleiande runde. Neste disiplin var manøvrering, der båtane vart kjørt slalom ein veg og rett fram attende. Her var HVS-A raskast av alle! Skulle dette gå vår veg?? Etter vekt- og målkontroll var det klart for krengeprøve for å måle GM. HVS-A hadde under testing heime fått kortslutta eit batteri, og måtte stille med eit eldre og tyngre batteri, som hadde flytta tyngdepunktet litt opp. Dei fek derfor eit avvik på 0,4 cm. HVS-B traff GM med eit avvik på berre 0,3 millimeter! No var det klart at elevane våre hadde teke seieren i alle tre disiplinene som vart premierte!!

Med ein god poengsum for rapporten, og også for kreativitet og finish, leia HVS-B etter innleiande runde!!

 

Finalen var ny fartsprøve i felt med dei 5 beste båtane. 20, 16, 12, 8, og 4 poeng skulle fordelast. Svært spente elevar var klare for finale. Dei visste at dei hadde beste fart i innleiande runde, og såg at det var mogleg å vinne. Når starten gikk vart det rask klart at båten gikk saktere enn tidlegare på dagen. Første halve var veldig jamn, og runding rundt bøya var veldig god, men Spjelkavik VGS seig frå på oppløpssida. Dei hadde 3.plass frå innleiande runde, og låg 3,7 poeng bak. Dermed gjekk samanlagtseieren til dei, med ein margin på 0,3 poeng.

Sjekk båtracet - konkurransens siste del var filma! 
(Fleire bilete og litt stemningsskildringer ligg og ute på FB - Haram vidaregåande skule, så berre orienter deg der)

Etter ei lita stund med skuffelse og litt frustrasjon over at båten ikkje hadde samme fart, var fokus over på å finne moglege årsaker. Det er jo mykje det faget har som mål; å skape utforskende elevar! Då kan ein vel konkludere med at elevane lukkast med det aller meste.

Best i alle tre kategoriar er meir enn godkjent!

 

TOF_2019_4

HVS-A, f.v: Saravin Sadasaralingam, Sander Løken Tharaldsen, Daniel Hellandsvik Forsland, Fredrik Klemetsen Hurlen

 

TOF_2019_5

HVS-B, f.v.: Eskil Flem, Fredrik Endré Rogne, Daniel René Tennøy, Minaz Jamo

 

Ein utruleg kjekk gjeng å reise på konkurranse med!

Gratulerer til dåkke!!

 

Ocean Space race 2019 - Vinnarar, full oversikt 

 

Brattvåg 16.03.19.

Arild Haddal
- Lærar -

 

(Alle foto og tekst ved faglærar Arild Haddal)

 

 

 

Kikk gjerne innom heimesida til Ocean Space Race !

TOF_2019_2

(Illustrasjon frå heimesida til "Kampen om havrommet, OSR-2019")