Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2018-19

Kontaktpersonar

Harald Johnny Tomren Harald Johnny Tomren
Rådgivar
71 28 04 01 /
Mob. 413 91 270
Send e-post
Monica Solheim Monica Solheim
Rådgiver
71 28 03 99 /
Mob. 930 27 676
Send e-post
Helene Loe Arntsen Helene Loe Arntsen
Seksjonsleder
71 28 04 03 /
Mob. 905 90 289
Send e-post

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2018-19

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa. 

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar.  

Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre grupper. Det er skoleadministrator som har bestemt kva grupper som evaluere. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelte på fem tema; eleven si meistring og motivasjon, vurderingspraksis, støtte frå lærar, læringsmiljøet i gruppa og faglege utfordringar og forventningar.  

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgjevarar Harald Johnny Tomren (harald.johnny.tomren@mrfylke.no) eller Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no), eller seksjonsleiar Helene Loe Arntsen (helene.loe.arntsen@mrfylke.no).