Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Informasjon til føresette til elevar

Kontaktpersonar

Jan Magne Helland
Rektor
71 28 17 01 / Mob. 902 66 521
Send e-post

Informasjon til føresette til elevar

Oppdatert 25.04! 
Oversikt over viktig informasjon og ei samling av alle informasjonskriv som går ut som fellesinformasjon til føresette og elevar.

NYTT: Haram vidaregåande skule vert opna for VG2 yrkesfagselevar måndag 27. april.

  

Viktig å følgje med her!
(Ver venleg å lese denne sida heilt ned).

Generell informasjon:

Situasjonen vi no står oppe i, med alle dei avgrensingar og restriksjonar som samfunnet vert pålagt, er krevjande. Både for elever, foreldre, lærarar, skulen, ja, oss alle.

Haram vgs. vil prøve å gjere det beste i situasjonen og her, i denne artikkelen, vil skulen fortløpande leggje ut informasjons-skriv o.a. som skulen ønskjer at elevar og føresette skal ha tilgjengeleg. 

I tillegg blir all fellesinformasjon sendt ut via e-post til kontaktlærarane, som vidareformidlar direkte til sine elevar med føresette.

Skriva du ser til høgre inneheld ulik informasjon som er viktig for deg å kjenne til.
Les dei. Vi håper desse er klargjerande med tanke på korleis skulen no løysar ting i praksis.

Undervisningsplattforma til skulen er Its Learning.
Alle faglærarar skal nytte denne når dei legg ut opplegg for veka og timane sine. Andre kommunikasjonskanalar og pedagogiske plattformer/-hjelpemiddel vil og verte nytta, men hovudplanen per fag skal liggje klar og tydeleg i fagrommet på Its Learning. Dette for at alle elevar skal klare å halde oversikt i denne nye, digitale skulekvardagen dei plutseleg er i. 

Skulle det likevel vere ting du lurer på eller vil snakke med oss om, kan skulen kontaktast per telefon kvar dag, kl.10:00 - 14:00 eller via epost. 

Sentralbord: 71 28 17 00
Skulen sin e-post: haram.vgs@mrfylke.no 

  

Nytt, gjeldande frå 27.april:

Dei fleste har nok fått med seg pressekonferanse 07.04, der regjeringa no opnar for gradvis normalisering av samfunnet. Vi gjengir her hovudpunkt som er viktige for skule og elevar, utsendt til skulen av Udir/fylkeskommunen:

"Mandag 27. april: Skolene åpner for 1.– 4. trinn i grunnskolen. Skolefritidsordningen åpner også. Videregående skoler åpner for elever på VG3 som følger yrkesfaglig løp i skole og yrkesfagelever på VG2. Forutsetningen er at dette kan gjennomføres på en smittevernfaglig forsvarlig måte."

Dette betyr at Haram vidaregåande skule vert opna for VG2 yrkesfagselevar (2EL, 2TP, 2TT, 2BUA), måndag 27. april.

 

Anna viktig informasjon:

1. Skriftleg eksamen er avlyst for våren 2020.
Dette etter avgjerdsle tatt av Udir 25.03.2020 og gjeld både eksamenar for 10. trinn i ungdomsskulane og alle skriftlege eksamenar for elevar på vidaregåande skular i heile landet.

Les informasjonen frå Udir her.

  

2. Alle eksamener for vgo, uansett utdanningsprogram og eksamensform, er no avlyst for våren 2020.
Denne avgjerdsla vart teken 21.04 av Udir og gjeld for alle elevar.

Privatisteksamenar vil bli gjennomførte våren 2020.

Sjå hovudoppslaget her.

3. Heildagsprøveplanen til HVS vert endra.
Heildagsprøvene som var planlagde gjennomført no i veka før påske/vekene rett etter påske, vert difor skuva ut i tid.

Dei planlagte heildagsprøvene i Norsk I torsdag 02.04. og Norsk II fredag 03.04., vert flytta til torsdag 07.05 og fredag 08.05. Dette under føresetnad av at skulen vert opna i tide, slik at dette kan gjennomførast.

Når det gjeld heildagsprøver i andre fag, kjem vi tilbake til datoar når vi veit kva som skjer med avviklinga av dei munnlege, munnleg praktiske og praktiske eksamenane. Oppsett over heildagsprøveperioden vil bli lagt ut under Nyttig informasjon når denne er klar.

 

Med vennleg helsing
   

Jan Magne Helland

rektor
Haram vidaregåande skule

Tlf. 712 81 701/902 66 521