Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Informasjon til føresette til elevar

Kontaktpersonar

Jan Magne Helland
Rektor
71 28 17 01 / Mob. 902 66 521
Send e-post

Informasjon til føresette til elevar

Oppdatert 26.03! 
Oversikt over viktig informasjon og ei samling av alle informasjonskriv som går ut som fellesinformasjon til føresette og elevar.

Viktig å følgje med her! (Les alltid sida heilt ned).

  

Generell informasjon:

Situasjonen vi no står oppe i, med alle dei avgrensingar og restriksjonar som alle i samfunnet vert pålagt, er krevjande. Både for elever, foreldre, lærarar, skulen, ja alle.

Haram vgs. vil prøve å gjere det beste i denne situasjonen og her, i denne artikkelen, vil skulen fortløpande leggje ut informasjonsskriv m.m. som skulen ønskjer at elevar og føresette skal ha tilgjengeleg. 

I tillegg blir all fellesinformasjon sendt ut via e-post til kontaktlærarane, som vidareformidlar direkte til sine elevar med føresette.

Skriva du ser til høgre inneheld ulik informasjon som er viktig for deg å kjenne til. Les dei. Vi håper desse er klargjerande med tanke på korleis skulen no løysar ting i praksis.

Skulle det likevel vere ting du lurer på eller vil snakke med oss om, kan skulen kontaktast per telefon kvar dag, kl.10:00 - 14:00 eller via epost. 

Sentralbord: 71 28 17 00
Skulen sin e-post: haram.vgs@mrfylke.no 

  

Anna viktig informasjon:

1. Skriftleg eksamen er avlyst for våren 2020.
Dette etter avgjerdsle tatt av Udir 25.03.2020 og gjeld både eksamenar for 10. trinn i ungdomsskulane og alle skriftlege eksamenar for elevar på vidaregåande skular i heile landet.

Les informasjonen frå Udir her.

2. Heildagsprøveplanen til HVS vert endra.
Heildagsprøvene som var planlagde gjennomført no i veka før påske/vekene rett etter påske, vert difor skuva ut i tid.

Dei planlagte heildagsprøvene i Norsk I torsdag 02.04. og Norsk II fredag 03.04., vert flytta til torsdag 07.05 og fredag 08.05. Dette under føresetnad av at skulen vert opna i tide, slik at dette kan gjennomførast.

 Når det gjeld heildagsprøver i andre fag, kjem vi tilbake til datoar når vi veit kva som skjer med avviklinga av dei munnlege, munnleg praktiske og praktiske eksamenane. Oppsett over heildagsprøveperioden vil bli lagt ut under Nyttig informasjon når denne er klar.

 

Med vennleg helsing
   

Jan Magne Helland

rektor
Haram vidaregåande skule

Tlf. 712 81 701/902 66 521