Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Inntak skuleåret 2020/2021

Inntak skuleåret 2020/2021

Skulestart i år er måndag 17.08.

Men, før dette må du hugse å takke ja til skule-, og eventuelt ventelisteplass! Og søkje om skule-pc, m.m.

Her finn du informasjon knytt til tida fram mot skulestarten - mykje du må hugse på ('',)

  

Du har fått SMS om inntaket til skoleåret 2020/2021 og vi håper du har logga deg på Vigo.no og svart på tilbodet, anten det var skuleplass eller ventelisteplass!

Svarfrister:
Frist for å svare på tilbod om plass og/eller ventelisteplass til 1. gangs inntaket var 10. juli. Frist for å svare på tilbod om plass og/eller ventelisteplass til 2. gangs inntak er 3. august.

Søkjarar som av ulike grunner ikkje kan logge seg på vigo.no for å sjå tilbudet sitt for å svare, kan kontakte Inntak/Utdanningsavdelinga på telefon 712 80 150. 

Opningstider Inntak:
Kl. 09.00 - 11.00 
Kl. 12.00 - 14.00

(NB! Søkjarar som ikkje svara innan fristen, miste tilbodet om skuleplass og ventelisteplass. Gjeld dette deg, MÅ du ta kontakt med Inntak for å høyre om dei kan hjelpe deg).

  

Ventelister:
2. inntaket er klart  den 3. august og etter det kan skulen starte arbeidet med å tildele plasser frå ventelister. Først får elevar som står på fylkeskommunen si venteliste tildelt plass, så kan vi begynne å sjå på skulen si venteliste. (Gjeld søknader som kjem etter søknadsfristen 1. mars).

  

Skoleskyss:
Som elev i vidaregåande skule kan du ha rett til fri skuleskyss til og frå skolen. For å ha skyssrett må avstanden være 6 km eller meir mellom skulen og der du bur (bustad eller hybel). Du søkjer sjølv om skyss gjennom Skoleskyssportalen (https://skoleskyss.mrfylke.no)

Hugs å søkje om skuleskyss når du takkar ja til skoleplassen.
Og, du må søkje årleg om skoleskyss, så pass på å gjere dette med det same. Lenke til Fylkeskommunen sin nettside med informasjon om skoleskyss - Skoleskyss i vidaregåande skole

 

Skule-pc:
Frå hausten 2020 vil Møre og Romsdal fylkeskommune bare kunne tilby skule-pc til elevar. Her finn du meir informasjon om Skole-pc

  

  

Skulestart på Haram vgs.

Måndag 17. august startar vi skuleåret i auditoriet vårt etter følgjande plan;

Kl.09:00  Vg1-elevar, alle utdanningsprogram
Kl.10:30  Vg2- og Vg3-elevar, alle utdanningsprogram (unntatt 3TT og 4TT)

Andre klassar;
- 3TT møter i auditoriet onsdag 19.august, kl.08:05
- 4TT møter i auditoiret torsdag 20.august, kl.08:05

Vel møtt!