Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Jul på kjemilab'n

Jul på kjemilab'n

Er det snart jul, så er det snart jul - men fagleg skal det vere!

På naturfagsrommet på HVS har det slik sett vore normal aktivitet; - øving pågår!

Men innhaldet i øvinga, og utforminga av produkta, var nok litt annleis denne veka i desember.

Artig og engasjerande, ingen tvil om det. Og om nokon var tvilande til prosjektet før start, så vart dette feid vekk av smil og latter undervegs. Juleverkstad er faktisk litt gøy, også på vidaregåande skule.

Fleire klasser har vore i aktivitet med denne juleverkstaden med anna vri enn det elevane har vore vande med frå før. Og det på kjemilab'n.

Fin avveksling, når kvardagen elles er prega av heildagsprøver, framføringar, (jule)filmar og prøvegjennomgangar, i fag etter fag.

.

Tysdag 12.desember inntok julestemninga kjemilab' for fullt ...

Vg3 Påbygg-elevane og læraren deira, Lou, klirra seg inn på naturfagsrommet med poser fulle av gamle sylteglas ... og fram frå ryggsekkar og medbrakte posar kom og diverse julefigurar og juletre. Limpistolar og nokre kjemikaliar, og så var det klart for julekrystallkule-produksjon.

Spennande!

.

3PB_prosjekt julekrystallkule_1

Utstyret vart henta fram, slik det seg hør og bør før ei øving.

.

3PB_prosjekt julekrystallkule_2

Slik, ja! Her er vi klare til å setje i gong. Eller, er det noko vi ikkje har henta fram?

.

3PB_prosjekt julekrystallkule_3

- Er de klare, kara?!

.

Så var det til med det meir faglege, blande saman dei kjemiske ingrediensane og varme opp ... (Og som du ser, frakkane er komne på, skikkeleg skal det vere).

3PB_prosjekt julekrystallkule_4
3PB_prosjekt julekrystallkule_5

Elevar trivst som kjemikarar!

.

Medan løysinga vart bråkjøyla for å få danna fine "snøkrystall", vart krystallkula sitt juleinnhald sett på plass i lokket.

3PB_prosjekt julekrystallkule_6

Her er dette arbeidet i gong for fullt.

.

Og slik vart nokre av krystallkulene - fine, ikkje sant!

3PB_prosjekt julekrystallkule_7

GOD JUL der ute!

.

Med helsing

Vg3PB