Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > "Kampen om havrommet"

"Kampen om havrommet"

Det er klart for årets Ocean Space Race! 

Og vi har ein spent gjeng på veg oppover til Trondheim og NTNU. Der skal dei delta på konkurransen arrangert for elever i den videregående skole med «Teknologi og forskningslære» på timeplanen.

- On the road again. Trondheim next! - 

Konkurransen er eitt av dei prosjekta som Samarbeidsforum Marin er ansvarlege for. 

Dette er ein landsomfattende konkurransen som Samarbeidsforum Marin, SINTEF Ocean (tidligere MARINTEK) og NTNU arrangerer i fellesskap.

Elevene konkurrerer i 3 ulike klasser; - om å byggje beste båtmodell i skipsdesign (her deltek våre elevar), i design av vindturbin og i marine konstruksjon i åpen klasse. Modellane dei har med seg inn, er utvikla av elevane sjølve i arbeidet deira i faget «Teknologi og forskningslære». 

I løpet av to dagar vil elevane få delta på omvisningar, teste ut farkostane sine i eit av verdas største havlaboratorium og lytte til spennande foredrag, melder arrangør. Elevane sin endelege konkurranse skjer i Havbassenget på Marinteknisk Senter (MTS) på Tyholt i Trondheim. Dette blir spennande - mogleg moderate forventingar no er i ferd med å bli ein tanke større?! 

 

OSR2019_jury

Les meir om "Kampen om havrommet" her 

 

Om det vert tid til overs, vil elevane våre få høve til å sjå seg litt om i Trondheim og orientere seg rundt på campus. Fleire har nok kanskje ein framtidsdraum som fører dei tilbake hit etter gjennomført vidaregåande opplæring. Så det vil vere om å gjere "å ha auga med seg" og syte for å bli orientert.

Men akkurat no er det konkurransen det gjelder.

Vi ønskjer dei lukke til på fredag!