Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Klage på eksamens- og standpunktkarakterar 2017

Klage på eksamens- og standpunktkarakterar 2017

Klagebehandling i høve eksamenskarakterar og standpunkt-karakterar våren 2017 er styrt av opplæringslova § 5-5.

Klagefrist
Fristen for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunkt-karakterar er 10 dagar.

Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller når den som har klagerett, burde ha gjort seg kjend med vedtaket, jf. forskrift til opplærings-lova § 5-5. Dette må du sjølv passe på å ha oversikt over.

Den som har klagerett kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakter. Klagefristen blir då avbroten, og ny frist gjeld frå det tidspunktet klagaren har fått grunngivinga.

Korleis kan du klage?
Klaga må fremjast skriftleg og underskrivast av klagaren. På heimesida til fylket ligg eit skjema du som elev kan fylle ut. Du finn dette ved å følgje linken lenger nede, som fører til informasjonsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Klaga skal leverast til skolen, som sender dokumenta over til klageinstansen med fråsegn frå faglærar og rektor. Klagar skal ha kopi av dokumenta i klagesaka.

Standpunktkarakter
Her finn du all informasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune som omhandlar klage på standpunktkarakterar

Eksamenskarakter
Gjeld klagen eksamenskarakter, finn du informasjon her