Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Klage på karakter?

Klage på karakter?

Det er høve til å klage på karakterar, både standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Klaga må fremjast skriftleg og underskrivast av klagaren. Klaga skal leverast til skolen, som sender dokumenta over til klageinstansen med fråsegn frå faglærar og rektor.

Klagar skal ha kopi av dokumenta i klagesaka.

Klage på standpunktkarakterar.

Standpunktkarakterar er eit enkeltvedtak og kan klagast på etter reglane i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. Det kan og klagast på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter (IV).

Fristen for å klage på vedtak som gjeld standpunktkarakterar er 10 dagar. Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den som har klagerett. I særlege tilfelle kan ei klage bli behandla sjølv om fristen ikkje er halden. 

Den som har klagerett kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakter. Alle klager og krav må setjast fram skriftleg.

Skjema for skriving av klage finn du her

 

Klage på eksamen

I følgje forskrift til Opplæringslova § 5-5 er klagefrist på eksamenskarakter 10 dagar. Fristen vert rekna frå det tidspunkt klager er blitt kjent med, eller burde gjort seg kjent med, karakteren. Hugs at klaga skal vere skriftleg og underteikna av klagar.

Klage på skriftlig eksamen er behandla i same forskrift jf. § 5-9. Ta kontakt med eksamensskulen ved klage på eksamen.

Ved munnleg eksamen  kan det bare klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet, jf. forskrift til Opplæringslova § 5-10. Du har altså ikkje høve til å klage på vurderingsresultatet på denne type eksamen.

 

Kven kan klage?
Elevar sjølve og føresette til umyndige elevar kan klage. Føresette til umyndige elevar har sjølvstendig klagerett.

 

Sjekk informasjonssidene til Møre og Romsdal fylkeskommune for meir informasjon