Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Korona-situasjonen, haust 2020

Kontaktpersonar

Jan Magne Helland
Rektor
71 28 17 01 / Mob. 902 66 521
Send e-post
Håkon Sæterøy
Ass. rektor
71 28 17 05 / Mob. 950 67 318
Send e-post

Dokument

Korona-situasjonen, haust 2020

Generell informasjon i korona-situasjonen.

(Blir oppdatert kontinuerleg. Siste oppdatering 25.11.20).
   

Dato: 25.11.20
Det er i dag lasta opp ein ny GUL beredskapsplan, som vi må prøve å overhalde så godt som råd. 

Ver venleg å lese den til fulle (sjå PDF i høgre-margen).

  

Skulestart

Alle skular har ordinær undervisning frå skulestart, men vil gjennomfører undervisning og aktiviteter i tråd med gjeldande avgjerd og råd som er om smittevern i Noreg.

Vi håper alle i skulesamfunnet gjer sitt for å begrense smittespreiing.
   

Råd om smittevern

Dei grunnleggjande smitteverntiltaka er:

1.   Sjuke personar skal halde seg heime
2.   Ha god hand- og hostehygiene
3.   Forsterka reinhold
4.   Kontaktreduserande tiltak   

   

Regjeringen informerer

Dato: 05.11.20 (siste oppdatering)

Oppdatert informasjon om smitteverntiltak for skoler, utsendt 05.11.20.

Skular skal følgje gult nivå i trafikklysmodellen, med mindre helsemyndigheitane besluttar at det skal vere raudt nivå. Det er kommunehelsetenesta som avgjer kva for nivå den enkelte skule skal følgje ut ifrå kor mykje smitte det er lokalt.

Kommuner med høg smitte må vurdere om vidaregåande skular skal gå over til raudt nivå. Ungdomsskular må førebu seg på å innføre tiltak på raudt nivå. 

Det skal vere ein høg terskel for å stenge skular, og raudt nivå betyr at skulane framleis skal vere opne.  
Les oppdatert informasjon om smitteverntiltak 

Nyttig link elles;
Informasjonsside for foreldre: Regjeringen.no/foreldreinfo 
Scroll nedover nettsida deira til du finn informasjonen som gjeld vidaregåande skule.

Vennleg helsing
Utdanningsdirektoratet

 

Haram vgs. informerer

Dato: 17.08.20

Haram vgs. har utarbeidd "Smittevernsreglar for skulen"
 - gå inn på, og LES, dokumentet til høgre.
 - fortset nedover og les korleis du best kan vere med i vår felles dugnad for å hindre spreiing av smitte 

Der ligg og "Flyrskjema for korleis opptre ved mistanke om covid-19-symptom"

Dette er utarbeidd av FHI .

  

Innstramming i Beredskapsplan GUL

Dato: 25.11.20

Det er i dag lasta opp ein ny GUL beredskapsplan, som vi må prøve å overhalde så godt som råd. Ver venleg å lese den til fulle (sjå PDF i høgre-margen).

Den viktigaste endringa er at elevar på Vg1 og Vg2 YF (EL, TIF og HO) får starte matfriminuttet kl.10:50 for å lette trykket i kantina. Om faglærar har fleire timar med klassa ila veka, prøver ein å kompensere inn tida ved å starte opp noko tidlegare etter lunsj eller korte ned andre friminutt. Skulen er klar over tilfelle der dette ikkje går, og lærarar som er i ein slik situasjon, vil etter avtale prøve å kompensere dette på best mogleg måte.

I tillegg så prøver vi å reduserer trykket på fellesareal.
Elevar som disponerer same klasserommet (ikkje spesialrom og verkstad) før og etter lunsj, blir oppfordra til å opphalde seg/ete der. dette for at dei som må ut i fellesarealet pga rombyte/forflytting, slepp å forhalde seg til fulle korridorer og fellesareal. Vis omsyn, og hjelp til så godt du kan med å skape trygge, gode rammer for alle i skulesamfunnet.

Trafikklyssystemet er ei anbefaling, ikkje eit regelverk.
Vi kan berre oppfordre både elevar og tilsette til å følgje det som står i beredskapsplanen. Den er sett opp til beste for oss alle, også for DEG.

Endringane er diskutert både med elevråd og skuleeigar. 

No vert det opp til den enkelte å syte for god avstand og god hygiene.

  

Lokale tiltak   

Dato: 17.08.20

Skulen har eit forsterka reinhald, og vi ber alle brukarane av skulen hjelpe til med å halde orden og vise respekt for det viktige arbeidet reinhaldarane vår gjer.

Det er elles ein felles dugnad på gong. 
Målet er å klare å ha ein så normalisert skulekvardag som mogleg. 

Bruk sprit-dispenserane ved inngangane kvar gong du kjem inn eller går ut.

Hostehygiene og å halde avstand avgrenser dråpesmitte, så pass på deg sjølv på det punktet.

Unngå å  ta på ting som du ikkje skal bruke, noko som gjeld både i klasserommet og elles - for slik hindrar du indirekte kontaktsmitte.

Økt fysisk avstand, 1-meters-regelen, gjeld i korridorar og fellesareal, da ein veit dette reduserer moglegheita for smitte, også før symptom på sjukdom oppstår.

I kantina må ein følgje dei føringane som er lagt for denne - ver venleg å IKKJE flytte på møblementet, då dette er sett ut i system som stemmer med smittevernsføringane vi følgjer.

  

Endringar i råd om når ein må vere heime ved sjukdom
Elevar og tilsette som har milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle skal ikkje møte på skulen, men halde seg heime til allmenntilstanden er god.

Elevar og tilsette kan kome tilbake til skulen når dei kjenner seg friske og feberfri, sjølv om dei fortsatt har nokre symptom på luftveisinfeksjonar. Det same gjeld om ein testar seg for covid-19 og resultatet er negativt.

   

Midlertidige fraværsregler er fastsatt

Dato: 26.08.2020 - Oppdatert 01.11.2020

Ordinært regelverk for fråvere i skulen seier at elevar som har eit fråvere på over 10 % i eit fag, vil kunne miste karakteren i faget om ikkje fråveret kan dokumenterast med legeerklæring eler liknande.

Denne regelen er no midlertidig justert. Frå og med måndag 24. august og ut skuleåret 2020-2021 slepp elevar å dra til fastlege for å få dokumentert fråveret sitt. Elevar med milde symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime.

Dette er dei midlertidige endringane ein finn på Departementet sine heimesider:

  • For fråvere av helsegrunnar, f.o.m. 24. august 2020 til og ut skuleåret 2020-2021, gjeld ikkje kravet til å dokumentere fråveret etter reglane om fråversgrensa i vidaregåande skule. Elevane må likevel legge fram foreldrebekreftelse eller eigenmelding (elevar over 18 år)
  • Fråvære av helsegrunnar f.o.m. 24. august 2020 og ut skuleåret 2020-2021 skal ikkje førast på elevane sitt vitnemål eller kompetansebevis. Dette gjeld både for grunnskulen og vidaregåande skule.
  • Elevar som hausten 2020 går på Vg4 Påbygging til generell studiekompetanse, og som innan 1. november gjennomfører fag- eller svenneprøve (gjeld dei som våren 2020 fekk utsetting grunna covid-19-utbruddet), kan få fråveret omgjort som dokumentert etter reglane om fråversgrense. Fråveret skal då heller ikkje førast på vitnemål eller kompetansebevis

Kjelde: Regjeringen.no

 

Med dette som bakteppe, ønskjer vi dykk alle ein smittefri og lærerik haust.