Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Krafttak mot kreft pågår

Krafttak mot kreft pågår

Årets innsamlingsaksjon er i gang!

Russen og Haram VGS står samla for å hjelpe kreftforeninga! 

Årets tema er seinskadar av kreft, noko vi meiner er ei viktig sak. Redda liv skal også levast - vi må ikkje gløyme det ... 

Les gjerne meir om aksjonen her: kreftforeningen.no/krafttakmotkreft/ 

Inne på denne sida vil du og kunne følgje med på kor mykje heile aksjonen klarer å samle inn, barometeret stiger. 

Ta et krafttak du også - gi ei gåve til Krafttak mot kreft. Hjelp oss til å bidra for at andre sine liv skal bli enklare!

RUSS 2018 støtter opp.
Haramsrussen 2018, vi er ikkje så mange, men vi står på. Bøssene er no ute på vandring og vi tek i bruk fleire kveldar og nokon kjem og til å gå i helga som kjem. Dette for å prøve å rekke over alle husstandar i Haram og Sandøy. Vi ønskjer å halde oppe tradisjonen med å bidra med eit presentabelt beløp, smiler aksjonskomiteen på HVS, så her må vi alle hjelpe til!

Trykk på linken Haram VGS står samla i kampen og gje ei gåve du og.
Alle innsamla midlar går rett til førmålet i «Krafttak mot kreft».

Støtt opp om en GOD sak!

 

KMK_informasjonskonferanse2018

Avansert kreftbehandling reddar og forlengar livet til fleire enn nokon gong tidlegare, men behandlinga medfører og risiko for å utvikle seinskader. Dette er mange, kanskje dei fleste ubudde på i situasjonen.  Les meir ...

 

Vi er takknemlege for alt som kjem inn.

mvh

Haramsrussen 2018