Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Lånekassen informerer ...

Lånekassen informerer ...

Tiltak

Til Lånekassen sine kundar

- tiltak under korona-krisa

Mange studentar og elevar har mista inntekt frå deltidsjobbar som følgje av koronasituasjonen. Lånekassen jobbar med tiltak for å hjelpe elevar og studentar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. 

Regjeringa har uttalt at dei vil hjelpe studentar gjennom ein vanskeleg økonomisk situasjon, og slik blir dette følgd opp:

  

- Regjeringa har lagt fram tre forslag til tiltak gjennom Lånekassen:

  • Lånekassen utbetaler resten av studiestøtta for semesteret i april
  • Fristen for å søkje lån og stipend er utvida til 15. april
  • Studentar som har mista inntekt kan søkje om å få eit tilleggslån på 26 000 kroner. Søknaden opnar i mai.

Les meir om tiltaka her

   

I praksis vil dette seie:  

Lånekassen utbetaler resten av studiestøtta i april

I april får du utbetalt det du har igjen av studiestøtta for vårsemesteret. Alle studentar og elevar som får støtte frå Lånekassen, og som skulle fått utbetalt lån og stipend i april, mai og juni, vil derfor få dette utbetalt i april.

Utbetalinga av lån og stipend for resten av vårsemesteret startar 14. april, og du skal ha fått all den resterande støtta innan utgangen av 17. april.

Formålet med å betale ut all studiestøtten for resten av vårsemesteret i april, er å avhjelpe studentar i ein økonomisk vanskeleg situasjon.
Det er viktig å hugse at den samla utbetalinga i april, inneber at det ikkje blir utbetalingar i mai og juni.

 

Treng du råd eller rettleiing?

I denne samanhengen ber Lånekassen om at lærestadene rettleiar elevar og studentar som har spørsmål om tiltaka, og i tilfelle det er nokon som treng hjelp i søknadsprosessane. Treng du råd eller rettleiing, kontakt rådgjevar Ivar Roald.

Rådgjevar kan kontaktast på telefon 90684149 kvar dag mellom 1000 og 1400, eller på e-post ivar.roald@mrfylke.no.