Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Livsglede for alle!

Livsglede for alle!

- Takk for hyggelege besøk. Det var koseleg med besøk av ungdommar frå Haram vidaregåande skule, melder Ann Kristin Klokk, som er leiar for Dagsenteret ved Haram omsorgsenter.

  

Ho kunne fortelle om masse positive tilbakemeldingar frå både brukarane og kollegar på huset.

- Dei lyste opp i sine "Livsglede for eldre"-skjorter. Dei skapte raskt kontakt med dei eldre og praten gjekk lett.
Håper å sjå dei snart igjen!

Påskestemning med noko attåt
Vg1 Helse- og oppvekstfag, Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag og Vg2 Helsearbeidarfag har saman førebudd sitt første Livsglede for eldre-stunt, ein liten introduksjon av seg sjølve kombinert med kaffekos og småprat i høve påska.

Elevane ved Vg1 Helse- og oppvekstfag hadde gjort mykje av forarbeidet, dei hadde bakt mandelbrød tidlegare i veka og hadde ansvar for å pynte opp litt ekstra nede på Dagsenteret før oppstart og frukost. Sjølv om dei ikkje skulle delta i lag med dei eldre denne gongen, fekk dei helse på nokon av dei som jobbar der, og sjå seg litt rundt i lokala. Kanskje snappe opp litt idear og få inspirasjon til fortsetting også?

Som ein del av prosjektet hadde dei med seg litt påskepynt, som elevane ved Vg2BUA hadde lage til for anledninga.

Tilpassa programmet for dagen der nede på Dagsenteret, kom elevane ved Vg2HEA ned ein tur seinare med litt kaffimat (mandelbrøda) og slo av ein prat med pasientane. Det viste seg å vere nok av ting ein kunne snakke om, og det heile vart ei hyggeleg stund som gav glede og påskestemning til nokon og einkvar.

Livsglede for eldre, påska 2017

Livsglede og kos før påske ved Dagsenteret ved Haram Omsorgsenter

  

Livsglede for eldre, påska 2017_

Hyggeleg prat rundt påskepynta bord

  

Livsglede for eldre, påska 2017__

God, varm kontakt, til glede for både ung og eldre!

  

- Flott at også dei eldre synast om opplegget, smilte elevane, før dei forsvann heimover og inn i påskeferie.

Dagsenteret har lagt ut bilete mm på facebook-sida si, berre sjå: www.facebook.com/Haram-omsorgssenter-Dagsenter

  

Blir det meir?
Og ja da, dei vil kome igjen! Kanskje nokon nye fjes dukkar opp og, for her er det fleire som har gode idear og lyst til å skape variasjon og glede i kvardagen for dei eldre og seg sjølve.

Med dette ønskjer vi alle ei riktig så flott påske!

  

Anbefaler alle om å lese: http://livsgledeforeldre.no/

Og meir har det blitt - sjå her