Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Livsglede for eldre i Brattvåg

Livsglede for eldre i Brattvåg

Elevar frå Vg1 Helse- og oppvekstfag på Haram vidaregåande skule gjorde dagen litt ekstra god for tysdagsgjengen på dagsenteret. Det vart mykje smil og glede :-)

Livsglede for eldre på Haram Omsorgsenter

Livsglede for Eldre
er ein folkehelseorganisasjon som er religiøst og politisk uavhengig. Dei arbeider for at alle eldre skal ha ein god, meiningsfull kvardag, med gode opplevingar og positiv stimuli. Her blir det arbeidd over det ganske land for å utløyse engasjement blant barn, unge, unge vaksne og "vaksne vaksne".

Eit positivt initiativ, som lærarane ved Haram vgs. gjerne ville støtte opp om da det vart presentert for dei for nokre år sidan. Dette var noko dei ønska å ta med seg inn i undervisningskvardagen, og våre samarbeidspartnarar ute i helsesektoren var meir enn samde.

Sidan har dei saman planlagd, og fått til, fleire koselege, positive hendingar og augneblink i kvardagen, som er til glede for både gamle og unge.

 

No i november var dei igong igjen :)

Elevane steikte vaflar og dekka bord, hadde fine samtaler, gav spa-handmassasje og hadde ballong-aktivitet.

 

LG_nov18_1

Kaffe og vaflar, alltid eit koseleg utgangspunkt. 

LG_nov18_2

Kjekt å snakke saman, høyre korleis ting var før, korleis ting er no ... 

LG_nov18_3

... eller berre snakke om det som fell seg naturleg <3

 

Vi var og heldige, vi fekk sponsa gode og pleiende produkt til handspa'en frå Boots apotek Haram til denne dagen. Det sette vi pris på!

Og prikken over i'en var lakking av neglar. 

LG_nov18_4

Trur dei kosa seg bra alle rundt bordet her.  

 

Andre var klare for livleg moro!

LG_nov18_5

For moro var det, anten ein deltok eller fekk site og sjå på.

 

Ut på tur, aldri ...
Vi avslutta med ein spasertur til paviljongen i bygdaparken.
Det gjorde både godt og var hyggeleg for oss alle.

LG_nov18_6

Frisk, haustleg rundtur i parken. 

 

Ein innhaldsrik og fin dag.

- Takk til "Livsglede for eldre"- prosjektet, elevane og dei som organiserer, helser Haram Omsorgsenter på FB-sida si.

Ja, der er flotte elever vi har på Haram vgs, og like flotte samarbeidspartnere ved Haram omsorgssenter! Sammen gjør de tilværelsen lysere for mange.

 

Les meir om:
Haram Omsorgsenter 
Livsglede for eldre

 

Gjer noko positivt for andre du og - det er gøy!