Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Markering av nytt/renovert skulebygg

Markering av nytt/renovert skulebygg

Fredag 21. april markerte Haram vidaregåande skule at fleire år med byggeaktivitet no er over. Elevar og tilsette har fått ein påbygd og nyrenovert skule dei er svært godt nøgde med. 

Nytt og moderne.
Skulen har fått moderne, tidsriktige lokale, både for elevar og tilsette.

Alle overflater er fornya, leiinga har fått ny lokalisering i 1.etasje, rådgjevar, helsesøster, PPT og OT er samlokalisert i eigen avdeling i 2.etasje, personalrom og lærararbeidsrom er utvida om ommøblert, og ulike rom elles har fått nye funksjonar.

Bibliotek og vrimleareal for elevane er plassert strategisk i inngangspartiet, og fungerer no som skulen si sosiale lunge. Kantina er framleis i "bomberommet" nede i kjellaren, men er likevel ein god plass å samlast for elevane, deira eigen "hule". Til saman utgjer desse to sonene skulen sitt sosiale midtpunkt, medan klasserom, verkstader og spesialrom spreiar seg utover i det langstrakte bygget.

Godt fargeval, mykje finurleg og til dels spenstig kunst på veggane, gjer det spennande å sjå seg om. Her er stille soner og sosiale soner. Alt dette i kombinasjon med store kart i alle gangsoner, gjer at alle får ein eller anna form for positiv stimuli kor enn ein forflyttar seg i skulebygget. Klasserom og spesialrom er lyse, funksjonelle og har godt med luft. Ei flott ramme for god læring!

Offisiell markering.
Fredag 21.april var inviterte gjester frå fylkeskommunen, byggansvarlege, samarbeidspartnarar, skulens eige personale og pensjonerte, tidlegare tilsette, samla for ei ordentleg markering av at no var HVS igjen samla i nytt, påbygd og renovert bygg. Det vart ei fin markering, med fine ord, god mat, som seg hør og bør, og flotte musikkinslag av skulen sine eigne elevar.

Du kan lese meir om markeringa:
MRfylke.no - Haram vgs. i moderne og tidsriktige lokale

Vi takkar alle frammøtte for ein hyggeleg ettermiddag på HVS!